mandag 11. april 2011

Valdresmarken i San Ignacio

Vi tok bussen til den berømte festen ti minutt mot Guatemalagrensa. Her er det greit å ha med kjentsfolk, då området er litt småfarleg. Tusla oppover ein mørk veg, og DER var festen. På eit jorde. Tivoli og grillmat, musikk og øl. Det minna skummelt om valdresmarken. Vår herlige guide og son tusla rundt med oss, vi åt grillmat og høyrte på når guiden skulle synge karaoke. Veldig fint. Eli fekk jammen tildelt eit par songar av nestemann ut, som ikkje kunne syngje i det heile tatt. Han var ganske innspåsliten og skulle spandere øl, at Kristian satt ved siden av medan han song kjærleiksongar til meg spelte tydelegvis ingen rolle. Artig. Møtte french-canadierene, som også hadde tatt turen, og vi fekk tatt litt karusellar og dansa salsa til utpå natta. Å kome seg heim var derimot ikkje like enkelt som å komme seg til. Ingen taxi eller buss, og vi måtte rett og slett berre stå i vegen og håpe på at det kom ein bil. Etter ei god stund kom det endeleg ein bil, og guiden fekk stoppa den. Opp på lasteplanet og full pine tilbake til San Ignacio.

Dagen etter var bading, henge med sonen til guiden( hugsar ikkje navnet), og buss til Corozal. Der møtte vi nok ein hjelpsom kar utan tenner på sykkel, som tok oss med til eit billig hotell. Vi spanderte ein øl på han på ein spiseplass, og fekk prata om livet, kjærleik ++. Folk pratar om alt her, og det er mykje følelser. Hyggeleg var det no.

Buss til Chetumal igjen for nok ein flytur til Mexico city der vi skulle tilbringe ei natt. Det vart meir enn ei natt gitt. Vi klarte nemlig ikkje å komme oss på flyet til Cuba dagen etter. Takk til Aeromexico som ikkje klarte å få pressa fram kva gate vi skulle til og anna nyttig informasjon vi fekk. Satt tre timar og venta utafor gaten, men plutseleg var det flyet gått. Great. Eli klikka og fekk sagt div fint til mannen ved gaten, som var fantastisk teit. Heldigvis var det ein av oss som klarte å behalde roen og fekk satt oss opp på venteliste på flyet dagen etter. Dette var såpass usikkert at vi brukte store deler av dagen på å finne eit anna, billig fly. Det klarte vi, og neste dag klarte vi å komme oss på flyet. Tok 7,5 time istaden for 1,5 då det måtte innom Panama ein tur. Så har vi vore der også.

CUBA!