tirsdag 7. desember 2010

Fiksing og ordnings

Flyturen blir laaang... økonomisk som eg er, valgte eg billig og lang istaden for dyr og kort.. reiseruta er som følger:

OSLO- LONDON( 3 timer)
Vente i 14 timer på deilig flyplass

LONDON- MIAMI ( 9 timer)
Vente 2 timer

MIAMI- QUITO( 4,5 timer)

Ellers byrjar ting å ordne seg. Mykje rare papir som må inn til Atlantis, men slik er det.. anbefalingar frå ansatte på utekontakten, meg sjølv og politi( vandelsattest, kan jo sjå på det som ei slags anbefaling.. kremt.. )

Vaksiner er tatt.. artig kor mykje rart ein faktisk kan få..

Pakking tæk vi etterkvart!

Blogg.. haha!

Blogg blogg blogg...

Kjære herlige dykk!

Her kan dykk lese om når eg står opp, kva eg et til frokost, mellommåltid, middag og kvelds. Når eg trener, korleis eg gjer det og kvifor. Irriterande, men sidan dette liksom er ein reiseblogg må eg også fortelje om alt det kule eg gjer, kor kul eg sjølv er, kor kule venene mine er( har ingen i Ecuador endå, men det kjem!)og til slutt kor god eg har vorte i spansk og salsa.

Men Eli da, du har vel ikkje internett i Ecuador tenkjer dykk vel no. Og då kan eg fortelje at DET har eg! Så ta det heilt med ro, oppdateringar kjem, og dei kjem ofte.

Turen er eigentleg eit slags alibi for å kunne opprette ein blogg. Det vart ein dyr blogg, men absolutt verdt det.


Eg har valgt å skrive denne bloggen på nynorsk, då eg syns det er slitsomt å skrive på dialekt, og bokmål blir også feil. Nynorsken er sjølvsagt perfekt, så ingen vits i å kommentere den.

Sånn... då er eg i gong...