søndag 30. januar 2011

Klar for jungelen...!

Lite skriving om dagen, mykje som skjer! Siste nytt er at Eli har vorte solbrent.no. Vi norske jentene var etter to dager med halvegs ver klare for skikkelig parkliv i solsteiken i dag. Resultatet, til tross for 30 SPF, var rødt rødt rødt. Ja vi VEIT at sola er på det sterkeste her, men hallo, var jo bare et par timer.. mi madre sier ohlallaa, og que pasoooo?

Aloe vera er min beste venn akkurat no.

Siste dagane har vore skule, marked, ut på livet, ete middag og berre kosa oss. Joggetur med Allan i dag( ecuadorian fotballkar), før middag og verdens beste banankake som mi madre har laga,.fantastisk!

Ser fram til ei veke i jungelen, og blogger så fort eg er tilbake!

onsdag 26. januar 2011

Kurs i matlaging!

Då er onsdagskurset i matlaging ferdig. Vi har laga tortillapotet( det er most potet sammen med ost, stekt i panne). Sammen med steikt egg, peanøttsaus, avocado og pølse. Veldig godt og sunt. 15 elevar trøkt inn på eit lite kjøkken.  Et mykje ris, potet og avocado om dagen, men det funker!

Spansken går greit, kjem seg for kvar dag. Har veldig lyst til å lære å danse salsa skikkeleg, så læraren har i dag anbefalt meg ein plass med privatlærar eg kan prøve etter jungelen. Ho har også prata om alle dyra som er der. Fullt mulig og svømme, berre hugs å ikkje tiss i vatnet( då kjem den berykta fisken som forsvinn opp i kroppen din). Heller ikkje svøm om du har blod på deg, det likar nemlig pirayane. Ser for meg at eg vil nyte og virkelig kose meg på den svømmeturen. Rundt 10 timer i buss om natta, før vi skal komme oss ut i jungelen med kano. Skal fortelle alt når (og om) eg kjem tilbake til Quito.

På veg tilbake frå joggings i dag, spurte eg ei jente om vegen til markedet( mini Otavalo).  Ho ville gjerne bli med og hjelpe meg med å finne kjole og prute skikkelig. Ikkje noko gringopris som ho sa. Vi stakk innom markedet og eg fekk huka tak i ein kjol, etter mykje pruting betalte eg rundt 80 NOK for den. Greit nok. Etterpå fann eg ut at eg måtte ha ein genser også, så stakk ned etter skulen. Den vart rundt 60 NOK. Pruting er nesten pålagt her,og det er ein gjensidig greie. Respekt og eit eller anna eg ikkje forstår. Om du slår til på første bud så blir dei nesten fornærma, då dei ikkje får "gi" deg rabatt. Må prøve det i Oslo, funker sikkert like bra.

No skal las chicas på ladies night og bli varta opp med altfor sterke drinkar, eg likar best cerveza, men må sjølvsagt betale for den. Rundt 10 kr for 1 liter.. bittert. Ellers har vi fått i gang fredagsfotball, noko vi er svært nøgde med.

mandag 24. januar 2011

Amazonas?

Ny veke!

Skulen arrangerer tur til Amazonas neste veke. Eg blir nok mest sannsynleg med, med læraren på slep. Ti timar i buss om natta, malariamygg, slanger og varme, kunne ikkje vore bedre. Det triste er at eg ikkje får vore med mine tre chicas den siste veka før dei dreg.

Dagen i dag har vore ganske så "normal". Tok ein løpetur i parken. Carmella lagde god suppe og potetstappe med svinekjøtt til meg før skulen. Klarte faktisk å ha ei normal samtale på spansk med læraren i dag. Fekk såpass god sjølvtilitt at eg dro i gong ei samtale med taxisjåføren i dag også. Går stort sett på kvar eg bur, kva eg gjer i Ecuador, om eg likar Quito, om han bur her og om han veit noko om Noreg. Til informasjon er taxi like vanleg som buss her, og kostar minimalt. Betaler rundt 20 nok kr for eit kvarters kjøring. Rundt 6 kr for å komme frå byen og heim igjen. Det er kort å gå, men ikkje trygt etter at det har blitt mørkt.

Har lagt ut fleire bilete på facern.  Frå vulkanturen, markedet og Quito.. :
http://www.facebook.com/editphoto.php?aid=600701&success=4&failure=0#!/album.php?aid=600701&id=772270042

søndag 23. januar 2011

Pichincha 4700 m.o.h

Dagane går fort for tida! Fredag etter skulen oppfordra girlsa frå Noreg til fotball i parken, då det var så velykka sist, og sidan eg ikkje fekk vore med på tirdag var eg svært så gira. Vi tok ein super rask buss( som går i midten av vegen), er ein slags kombinasjon av buss og trikk, til Carolina parken. Der møtte vi fleire ecuadorianske gutar som var kompiser av lærarene og dei som jobbar på skulen. Opplegget var omtrent som på Vanglers, ikkje noko system, men utruleg artig. Må nok seie at tempoet var ein del høgare, og når pusten ikkje funkar i høgda, resulterte det i ein ganske sliten gjeng. Når vi i tillegg spelte om øl vart stemninga fin. Her bruker ein mykje tid på å diskutere i løpet av kampane, samt dele opp i lag( som var omtrent som på barneskulen, om å gjere og ikkje bli valgt til slutt). Diskusjonane gjekk ofte på om det var mål eller ikkje og  kor stygge taklingar ein kunne ta før det vart frispark. Eg er blå over heile leggen, men fekk ikkje frispark. Sveitte og fornøgde tvinga vi oss inn på ein overfylt buss tilbake og kom såvidt av igjen utan å bli robba og kvelt. Utpå kvelden møttes vi for å drikke den berømte cervezaen vi spelte om. Vi fann ikkje fotballgjengen med ein gong og tok ei runde rund Playa Foch, som er uteplassområdet. Plutseleg er vi midt oppi ein slåsskamp, og er dekka av grå røyk. Tåregass er ikkje særleg behageleg, og då eg ikkje fekk puste, reagerte eg  med å springe det eg hadde. Effektive saker. Rennande auger og hosting, samt litt panikk for å ikkje å få puste er uvant ja. Møtte tilslutt dei andre og stakk på ein roleg og fin bar litt utafor turistområdet.Vi dro heim rundt midnatt då vi måtte sove ut før tur til vulkanen Pichincha dagen etter, oppmøte kl 7.

Kl 7 laurdags morgonen sto vi klare, og ecuadorian- time betyr det halv åtte. Kjørte i minibuss opp mot fjellet på smale, svingete, humpete, gjørmete vegar. Bussen klarte ikkje å dra opp dei brattaste bakkane, så eg og 5 andre vart "kasta" av medan dei andre fekk skyss eit par km opp i fjellet. Vi måtte gå. Eg bar i tillegg ein del vatn, då eg syns synd på guiden som skulle bære all mat og drikke til oss opp til toppen. Det angra eg litt på, når eg på 4000 m kjente at beina ikkje funka, hodet var tungt som bly og eg heiv etter pusten sjølv på flata. Var ein relativt kort tur på omkring 2.5- 3 timar, men dei siste metrane føltes som mil. Folk spydde, smilte, pusta og var sjukt svoltne når toppen viste seg. Vi kunne kjenne varmen frå krateteret på toppen. Dessverre var det relativt skya så vi hadde ikkje max utsikt. Litt nedanfor toppen spiste vi lunsj i ei lita hytta som minte svært om DNT hyttene i Noreg. Læraren diska opp med grønnsaker, skinke, ost og te. Han skar seg i fingern, så eg tok over guacamole-laginga. Den vart veldig god, faktisk. Alle grønnsakene og fruktene her smaker så mykje meir enn i Noreg, og er i tillegg super billige.

Turen ned gjekk overraskande fort, og vi var tilbake i Quito kl fem. Då fekk vi tid til å sove litt før vi møtte to av dei ecuadorianske fotballgutta ute på ein bar. Vi kosa oss med øl og canelaso og røykte vannpipe, noko eg tydelegvis var svært dårleg til. Ta det med ro, det var verken nikotin eller andre skumle greier i vannpipa. Etterpå gjekk vi på den "faste" danseplassen vår, der vi møtte mange frå skulen. Dansa salsa til kl vart nok, og tusla heim til senga.

Vakna opp i dag til fint ver, og vi jentene kjøpte deilig mat på butikken og hadde piknik i ein svær park/ skog litt utafor byen. På vegen inn i taxien når vi skulle tilbake klarte eg å rive opp buksa midt på rumpa, og såg ingen annan utveg enn å bli med heim til Arwen som tilbydde seg å sy den saman igjen. Då eg berre har ei bukse, var eg svært nøgd med at ho er super flink til å sy. Tusen takk! Tok taxi tilbake frå Arwen og likte drosjesjåføren så godt at eg gav han 50 cent meir enn vi hadde bestemt. Han vart super glad og fortalte at han skulle på butikken og kjøpe brød, mjølk og kylling. Perfecto sa eg, og hoppa ut. Må pugge irregulare verb no, og er stygt redd det blir tidlig kveld.

Buenos noches, me gusta brunost.

torsdag 20. januar 2011

El Mercado!

Dei som hadde lyst frå skulen, kunne i dag bli med på marknad omkring 2 timar utanfor Quito. Eg sa sjølvsagt ja, til tross for litt uvel endå, men resten av gjengen var slitne og uvel etter gårsdagens ladies night out, så vi kunne alle synes synd på kvarandre.

Vi  pugga dyrenavn og andre nyttige ord saman med spansklæraren, medan vi traska rundt i møkk og sand, i tillegg til altfor mykje sol. Det kan ikkje beskrivast korleis marknader fungerer her.. dette var veldig spesielt. Dyra har det ikkje bra, og vi var litt advart på førehand. Det var kyr, esel, lama, sauer, kyllinger, kattar, marsvin, ja stort sett det meste. Folk bytter, kjøper, pruter og roper overalt. Dyra blir kasta og hengt opp her og der. Trøkka inn oppå kvarandre i små bur og fisken ligg ute i solsteiken. Ei mjølkekyr kosta omkring 250 NOK. Dei andre marknadene på same plassen var mykje betre, og her kunne du kjøpe frisk herlig frukt. Eg kjøpte meg ein rosa banan, som er nok ein eksplosjon i min munn, sjølv om favoritten endå er bananen eg åt på veg til Banjo. Vi måtte smake på ein spesialitet der, nemlig tortilla med ost. Det er egentleg ei slags maisblanding som blir fritert. Smaker litt som røsti-poteter, berre mykje betre. Det er også mykje ullklede her i tillegg til deilige linplagg. Eg kjøpte meg ein indianeraktig- alpakka genser for rundt 100 NOK, for å skli litt meir inn blant lokalbefolkningen. Blir artig å teste. Spanslæraren Julio ville undervegs gje oss noko å drikke, bra for magen påsto han. Når det er 60 prosent sprit vi får, så funkar kroppen svært så bra, så han hadde rett. Fnisande og bærande på ein grill som Julio kjøpte( påsto han skulle grille marsvin til oss), møtte vi resten av gjengen ved bussen. Min spansklærar som forsvant når Julio ville gje oss vidunderdrikka, møtte meg i bussen og krevde at vi satt ved siden av kvarandre reisa tilbake for å snakke spansk. Vi prata, ho spurte om eg hadde fått i meg alkohol, eg sa ja, bra for magen. Ho lo og rista på hodet.

Tilbake i Quito venta salsakurs. Sliten og trøytt etter ein fin dag i sola. Rød på nasen og ved godt mot.

onsdag 19. januar 2011

Kva treng ein busshaldeplass til?

Eg har vore på besøk i barnehagen/skulen der eg skal jobbe. Den er sør i Quito, og svært fattig. Sør-Quito er den fattige delen av byen, og det er ganske stor forskjell  frå der eg bur.  Elevane er ungar til foreldre som ikkje har råd til skule. Foreldrene er ute på gata og sel produkta sine, medan ungane er på denne skulen. Du blir stirra på,kalt "gringos" og mange gonger peikt på når du er i denne delen av byen. Vi har fått beskjed om å ikkje ha på oss noko verdisaker, då du lett kan bli rana.

For å komme dit, må eg ta buss i 20 min. Eg og ein spansklærar tok bussen saman, og han lærte meg kva buss eg skulle ta, og korleis eg skulle komme meg på. Det er få busshaldeplassar i Quito,ingen rutetider og folk vinker langs vegen når dei vil på bussen. Då må du hoppe på i fart, sette deg ned, gå fram når du skal av, betale 1 norsk krone og hoppe av i fart. Svært effektivt.

Matforgiftinga sit endå godt i.. eg får ikkje i meg mykje mat, er småkvalm og slapp. Drista meg på skulen i dag, og skjønte fort at folk er flinke til å prate sammen her. Vaktmesteren var svært bekymra for meg, læraren til Irlin hadde uttrykt sin bekymring i går til henne, og læraren min tok meg med på kjøkkenet for å tvinge i meg 1 liter med oregano-te. Oregano blir ofte brukt mot mageproblem, og blir sett på som eit vidundermiddel. Du koker litt oregano og vatn saman, og siler ut. Det skal rense heile systemet. Alle som kom innom skulekjøkkenet spurte og viste omsorg for stakkars meg. Kjempe fint at alle på skulen veit at "the norwegian girl" Eli har problem med magen. Privatliv er oppskrytt. Virker som at problem blir løst i fellesskap her, og mat og drikke er som oftest løysinga.  Vertsmamma har prøvd å få i meg suppe, fisk, brød, frukt, te, piller og div i dag, og prater om doktor. Eg seier nei takk, og prøver å fortelje at eg har hatt det verre, treng berre litt ro!

Fekk ikkje vore med på fotball i parken i kveld, noko eg syns var veldig dumt, men det kjem vel nye moglegheiter. Har istaden sett på spansk såpeopera og søve.

Krysser fingrane for betre form i morgon, og prøver å ikkje lengte for mykje etter kaviar, brunost, lakris og vatn med smak.

Buenos noches mis amigos.

tirsdag 18. januar 2011

Bilete

Har prøvd å laste opp bilete på bloggen, men får det ikkje til. Har fått det til over facebook, så om dykk vil kikke er det denne linken



http://www.facebook.com/photo.php?fbid=10150363101715043&set=a.10150357455220043.600701.772270042#!/album.php?aid=600701&id=772270042

Banjo!

Då var eg tilbake i Quito etter ein super helgetur til Banjo, som ligg ca 4 timer frå Quito. I ein trang minibuss med salsamusikk og Michael Jackson, dro ein herleg gjeng ut av byen. Trafikken i Ecuador er ganske så vill... forbikjøyringar og bånn gass er måten å komme fram på. Også sjølvsagt tute for alt og ingenting. Smale vegar og bratte bakkar førte oss til Banjo, som er ein liten tettstad oppe i fjellet.

Vi var omkring 15 med på turen. Tyskerar, nederlenderar, amerikanerar, nordmenn, britiske og sveitsere. Vi pratar stort sett på engelsk, og drar inn nokre spanske glosar av og til.

Eg, Arwen( jente frå Noreg), og to søte jenter frå nederland meldte seg på aktiviteten canyoning, som er rapplering ned ein 50 m høg foss. Dei andre rafta eller gjekk tur i fjellet. I våtdrakt vart vi kjøyrd opp til fossen på lasteplanet til ein sprek bil. Det var berre og halde seg fast. Guiden, busssjåføren og ein spansklærar var med oss. Vi øvde i litt småfossar først, før vi rappelerte ned den største. Kalde og våte kom vi ned til hotellet, og tok ein varm dusj før vi skulle ut og ete med resten av gjengen. Havna på ein bar på slutten av kvelden, men fjortissfaktoren og den høge musikken frista ikkje så veldig, så tusla tilbake til hotellet.

Søndag var det tidlig opp, vi skulle nemlig ut og sykle! Vi skulle sykle omkring 25 km. På vegen stakk vi innom ei bru der dei som ville kunne hoppe i strikk. Mange tøffe jenter hoppa, eg var ikkje så tøff og sto over. Når vi skulle opp på sykkelen igjen, fann ikkje eg min. Fine ord frå Marcel på oppgitt sveits/engelsk " Have you lost your bicycle?" Til slutt fann vi ut at bussjåføren vår hadde lånt den, og han kom trillande forbi tilslutt. Folk hadde knapt sykla, så måtte gå av syklane i nedoverbakke. Det gadd ikkje vi som hadde sykla før og vente på, så vi delte oss opp. Deilig varm vind og frodige fjell gjorde turen super. Sveitte og fine satte vi oss i bussen og kjøyrde mot Quito igjen.

Joggings og lekser før spanskundervisninga på måndag, og ut ein tur ut for å ete i byen med jentene. Vart matforgifta og har holdt senga i heile dag. Tusla krokrygga ned på skulen i dag tidlig og sa i frå om at eg ikkje kom til timen. Vertsmamma og hushjelpen har servert meg papaya, eple og te i heile dag, svært så bekymra. Føler meg betre,og håper på at det har gått over til i morgon. Søv berre eit par timar i natt,så blir vel tidlig kveld.

Håper alle har hatt ei super helg!

fredag 14. januar 2011

In the middle of the world!

Jepp, eg har vore i sentrum, i midten, in the middle of the world,  nemlig EKVATOR. Det var faktisk ganske kult! Irlin spurte om eg ville bli med på tur med spansklæraren hennar og to andre frå skulen. Eg takka sjølvsagt ja,og i dag tidleg satte vi oss i bilen og kjøyrde ut av Quito. Etter ca ein time var vi oppe i fjella, og kunne nyte eksosfritt, nydeleg natur og utsikt. Spansklæraren syns vi burde smake på ein lokal spesialitet, så vi stakk innom ein bakgård i ein liten landsby og fekk kjøpt oss 1,5 liter( coca cola flaske) med heimebrent.

På ekvatormuseumet fekk vi prøve mange artige øvelsar og triks. Til dømes at vi var sterkare på ekvatorlinja enn utafor. Vi hadde ikkje balanse på ekvatorlinja. Og vatnet rann rett ned og ikkje rundt. Alt stemte.. veldig rart.. guiden kunne fortelje at sola var ekstremt sterk der vi var, og at alle som jobba der brukte solfaktor 100. Sola steikte frå blå himmel, eg hadde kun solfaktor 15 så vart sjølvsagt solbrent. Tørt som berre det og rundt 30 grader. Sveitte,solbrente og fornøgde kjøyrde vi tilbake til Quito. Det venta middag( pai og suppe) og ut på livet ein tur med Kjersti. Måtte heim tidleg, då eg reiser på helgetur opp i fjella, nærmare bestemt Banjo i morgon tidleg kl sju. Spanskskula fristar med rappelering ned foss, strikkhopp, rafting, ridning, sykling og fjellturar. Eg gler meg, og oppdaterer bloggen på søndag kveld!

Ha ei super helg alle saman, nyt nyt nyt.

torsdag 13. januar 2011

Enpaladas og canelosa!

Varm i ansiktet etter ein strålande dag i sola. Ca 25 grader og deilig varm vind. Vandra ein tur i parken med mine to chicas frå Norge før skulen. Senga frista i går kveld, men eg måtte fint bli med ut på livet. Vi dansa salsa( prøvde) og storkosa oss. Musikken og stemninga var herleg. Fikla fælt med gitteret framfor inngangsdøra mi når eg kom heim igjen, så måtte til slutt ringe på. Vertsmamma kom trøytt ut og spurte kvifor eg kom heim så tidleg, det var jo ladies night! Her går folk ut rundt kl ni, så eg var faktisk i seng til halv eitt..

Middagen før skulen var tomatsuppe, og kjøt med spinat og heimelaga pommes frites. Vertsmamma sit ved bordet og passar på at eg et opp, og minner meg på kor viktig det er å ete før skulen, då eg lærer betre.

Spansklæraren min spurte om eg var trøytt etter festen i går, og ville ha alle detaljar. Vidare fekk eg beskjed om at det var viktig å vera utkvilt til timane, og seine kveldar kunne eg ta til helga. Eg nikka,og timen vart svært så velukka. I pausa måtte vi synge bursdagsong på norsk til ei av dei frivillige som hadde bursdag. Kake og pinjata. I kontrakten vår står det at vi er pliktige til å bli  med på bursdagfeiringar, virkar som at bursdagar er svært viktig å markere her i Ecuador.

I kveld har vi vore på tur i gamlebyen med skulen. Guiden prata på spansk, og eg forsto utruleg nok det meste. Utafor presidentpalasset spurte han om kva presidenten heiter i Ecuador. Eg kunne svare Raphael. Vidare spurte han kva som var spesielt med Raphael. Eg kunne svare at han var ung( på spansk). Dette var sjølvsagt berre flaks, då eg og vertsmamma hadde prata om akkurat dette for ikkje så lenge sidan.
Vi åt enpaladas, som er ei slags fritert pannekake med ost inni. Altfor godt. Til drikke fikk vi canelosa, som er ein spesialitet her i Quito. Det er ein slags varm te med ein rar frukt og kanel i, og sjølvsagt vodka. Varma godt i kroppen.

Natti natt..

onsdag 12. januar 2011

Coctail lesson!

Drista meg ut på første joggetur i dag.. med kopi av passet( som er veldig viktig å ha med seg for ikkje å havne i fengsel.. ) i bh en sprang eg mot park a la carolina. Mykje eksos på vegen, men fann fram! Parken er super fin og stor. Kosa meg under palmene med litt mageøvelser for syns skyld, og fekk eit fotballlag springande over meg, som sa dei elska meg osv.. etter tre gonger kjente eg at det var nok elske deg kommentarar, og eg jogga heim. Artig å bli tungpusta og skjelven i beina av å springe nedover. Føler aldri eg får nok oksygen her, godt mogleg kondisen har vorte ein del dårligare, men fint å kunne ha noko å skulde på.

Ein dusj seinare og middag var eg klar for spanskskule. Var litt slapp i dag og gjorde ein del feil, fekk beskjed om å skjerpe meg. Eg nikka og prøvde så godt eg kunne.. syns læraren forventar nesten flytande spansk etter tre dagar.. jaja.. si, comprende har eg funne ut er lurt å seie.

Etter spansken var det coctail lesson på skulen. Vi gjekk tom for blandevatn, men ikkje vodkaen. Flirte godt på slutten, og tusla heim til kveldsmat. Bernardo og Gabriella og mi madre hadde på seg badekåpe og teppe fordi dei fraus sånn. Veret har vore fantastisk i dag, sol frå blå himmel og varmt. Eg og læreren min er like glade i sol, så vi tok timene ute. Det blir likevel alltid kaldt på kveldane her, noko eg syns er digg, då eg søv så godt. Dei norske jentene ville ut med dei andre på ladies night, kvar får dei energien i frå.. eg er framleis i tenkeboksen, og kjenner senga frister mest..

Buenos noches!

tirsdag 11. januar 2011

Salsa!

Det føles trygt å vakne opp til politiet sitt opprop utanfor soveromsvindauget. Eg forestiller meg at dei seier noko i den duren her " Skal vi gjere ein god jobb i dag"? alle svarer "JA". " Skal vi passe ekstra på dei frå Norge?" Alle svarer "JA SELFØLGELIG". Vertsmamma fortalte at dei har opprop tre gonger om dagen, så rista ho på hovudet.. tydligvis oppgitt.

Vertsmamma hadde kjøpt negro brød til meg i dag, kun for meg.. vart nesten rørt! igjen rista ho på hovudet når eg hadde eple på brødskiva istaden for syltetøy. Brødet var betre enn loff, men mistenker at det er ein del fargestoff i det.. så det skal sjå grovare ut enn det er. Smart.

Gjorde lekser og tusla nedover mot sentrum for å lese ute i sola. Møtte på Irlin og Kjersti( mine to nye vener!), og vi gjekk saman ned. Kom heim til middag som var suppe med, hald dykk fast, RASPEBALL. Eller eg trudde det var det, smakte heilt likt! Men det var faktisk grønn banan sa vertsmamma. Var ihvertfall laga på same måten, og med kjøt inni tilogmed.. smakte kjempe godt! Fekk med meg god gammeldags norsk matpakke på skulen( grovbrød med skinke og ost). Spansklæraren min smilte godt når ho såg matpakka.

4 timer hard jobbing seinare, var vi klare for salsa timer! Trudde det skulle bli super lett, det var det ikkje.. så masse rare turar( som det heiter på swingspråket). Hadde heldigvis ein meget engasjert partner( Irlin), som var mannen i forholdet. Kasta meg rundt og fekk læraren til å vise oss fleire gonger.. repite por favor!

Fantastisk sliten og heim til kveldsmat, som var middag. Kjøt og pasta. Verdas søtaste kake til dessert..

Irlin og Kjersti kom innom utpå kvelden og lurte på om eg ville bli med dei og nokre britiske folk ut på pub. Eg takka fint nei, var heilt skutt.. følte meg skikkelig kjip og asosial, men dei lovte at det kom fleire moglegheiter.. og det trur eg på. Virker som det er mange nok festglade folk på skulen ja.. i morgon er det coctail lesson, tipper eg skal lære å lage vodka battery eller noko.

God natt kjære dykk heime.. savner alle.. spesielt mi novio!

PS: Har tatt bilete i dag, og prøvde å laste opp, men det gjekk svært treigt og eg fekk det ikkje til.. skal prøve å finne ut av det fort som fy!

mandag 10. januar 2011

Seriøs spanskskule...

Oi oi oi.. sliten etter ein hard start på spanskskulen! Eg fekk tildelt ei flott dame på 46 år( eg skulle gjette kor gamal ho var, eg gjetta 30 og ho vart svært så glad for det). Ho spurte om eg kunne spansk frå før, eg sa " nada", ho svarte "oioioi". Så var vi i gong. 4 timar intens jobbing.. mest gramatikk. Personleg pronomoen, vocabulario importante, alfabeto++ .  MYKJE informasjon på ein gong jah. Alt på spansk. Spurte eg på engelsk fekk eg spansk tilbake.  Beskjed om å pugge pugge pugge+ gjere nokon oppgåver i lekse,  før eg vandra ned til resten av den solbrente gjengen. Sola har nok overraska dei fleste frivillige her, alle har solbrilleskille og fin raud farge.. eg klarte å bli solbrent avden lille turen i parken, og då hadde eg faktor 15 ..

Før spanskskulen( som byrjar kl eitt) passa vertsmamma på at eg fekk i meg næring. På menyen sto suppe med popcorn og kalvekjøtt til forett( eg var stappmett), så kom hovudretten som var innbakt kylling og ris. Fersk blåbærjuice til drikke.. mmmm..

Er framleis ganske tungpusta, krysser fingrane for at eg er aklimatisert på onsdag, så eg får rørt litt på meg før spanskskulen.

Buenos noches!

søndag 9. januar 2011

På tur i botanisk hage med vertsmamma.. :)

Vakna opp til strålande ver i dag også. Varmt og steikande sol. Stilte klokka på åtte( på ein søndag), då eg har fått beskjed om at frokosten er rundt då. Ingen var oppe, og null frokost i sikte, så eg la meg i senga igjen. Rundt ni vakna huset opp, og kaffemjølk og frukt med yogurt vart servert. Papayaen her er fantastisk!!Vertsmamma lagde også juice av appelsin og papaya, nydelig. Etter mykje spørjing frå mi side om kvar ein kan røre på seg her i byen, spurte vertsmamma om ho skulle vise meg parken der mange jogger. Eg sa sjølvsagt ja. Ho syns trening er noko stort tull, men skjønte behovet til oss rare nordmenn. Men det var ikkje aktuelt og GÅ til parken,vi skulle kjøyre bil. Trafikken her er KAOS, og det er berre og halde seg fast. Nokre spanske banneord og tuting kom vi til parken. Det er rundt 15 min og gå frå huset mitt.

Parken var stor og fin. Folk prøvde å trene( ganske artige øvelsar dei gjer her i Ecuador). Det viktigaste er tross alt å få rørt på seg. Mange som spelte fotball, dansa, sto på rulleskøyter, skata og sykla. Vi gjekk innom ein botanisk hage midt i parken,og fekk sjå masse flotte plantar. Vi lukta på ulike urter og sa navna på både spansk, engelsk og norsk. Det var også eit akvarium der, med mange stygge fisk vart vi einige om.

Tilbake i vegen min "foch" møtte eg dei to norske jentene. Vi gjekk ein tur ned i sentrum og drakk ordentleg kaffe. Vandra opp igjen til middag som var pizza! Take out pizza vel og merke, men det var digg!

Kjenner høgda og sola tek på.. spørs om det blir ein siesta no..

I morgon startar spanskkurset, og dei har også masse aktivitetar på kveldstid og i helgene. Gler meg til å lære meir spansk..

Har ikkje fått tatt bilete endå, då eg ikkje har turt å ta med kameraet utafor døra, men bilete kjem:)

lørdag 8. januar 2011

På plass i høgda

Eg klarte det...lang reise, men med både film og musikk går 15 timar overraskande fort. Etter ca 4 timer rar søvn på Heathrow, starta dagen kl fem, kom meg til gaten og sovna på flyet ganske så kjapt.

Flaug inn langs strender og palmer i Miami,og oppdaga fort at ull passa dårleg. Bleik som berre det tusla eg rundt i joggebukse og singlet på jakt etter kaffe. Papir vart fylt ut, og sjølvsagt vart eg stoppa. Mannen lurte på kva i all verda eg skulle i Quito, eg kunne jo ikkje spansk. Etter hyggeleg samtale og dårleg engelsk frå nervøse meg, fortalte mannen meg kva kjærest heiter på spansk.

Flyturen til Quito var passe seig, særleg når eg hadde gått inn for å ikkje søva, det gjekk heller dårleg. Vart henta på flyplassen og fekk varm velkomst frå "vertsmammaen" min. Ho kan heldigvis mykje engelsk, spansken er litt rusten hjå meg gitt..

I dag vakna eg opp etter ei natt med mykje lyd, politistasjonen er huset ved siden av, og dei rykka ut titt og ofte. Frokosten besto av frukt, musli og yogurt. Eg vart tilbudt kaffe, takka ja og fekk ein kopp med varm mjølk. Kaffen skulle tydeligvis eg putte oppi mjølka, og folkens, pulverkaffe med mjølk istaden for vatn er ganske godt! Dei rista likevel på hovudet når eg ikkje skulle ha sukker verken på kornblandinga( som var sjukt søt frå før), eller i kaffemjølka. Middagen som er kl eitt var kjøtt og potet og verdas søtaste kake til dessert.

Har vore på omvisning i nærleiken og vorte kjent med to norske jenter som bur tvers over vegen.. heldigvis..svært så hyggelege! Etter omvisninga fekk eg beskjed om å legge meg ned på senga, då vertsmammaen syns eg var forferdeleg bleik. At eg søv og kviler er ho også veldig opptatt av. Håper sola får gjort noko med hudfarga mi, sola er ihvertfall veldig sterk her, og vi får beskjed om å smørje oss godt inn. Temperaturen er ca 20 grader, deilig. Sol og herlig varm vind. Høge fjell og frodig som berre det rundt byen.

Kultursjokk til no:

 Kan bli rana overalt høyres det ut som, gå ikkje rundt med noko verdisaker, berre litt cash.

 Ikkje mogleg å skylle ned dopapir i do.. så det er i ei bøtte ved siden av doen.

Tar ikkje av oss skoa inne

Vakthunder er like farlege for dei han held vakt for som innbruddstjuvar

torsdag 6. januar 2011

Da letta flyet...

Daa var den frykta natta paa Heathrow i gong.. flyet letta fraa Gardermoen, og eg klar for mange timar reise og kjedelege timar som skal drepast..

Farvel paa Gardermoen var sjolvsagt trist, men saann er det.."faar saa ein stelle se"( sitat Siv Anita).

Gler meg til eg kan putte rumpa paa flysetet og slappe av til Miami, utan aa ligge oppaa sekken i frykt for at nokon vil ta den. Savner alle herlige folk heime, og har forelobig ikkje lykkast i aa faa nye vener, bortsett fraa han tlfmannen i British Airways..

God natt.. !