onsdag 19. januar 2011

Kva treng ein busshaldeplass til?

Eg har vore på besøk i barnehagen/skulen der eg skal jobbe. Den er sør i Quito, og svært fattig. Sør-Quito er den fattige delen av byen, og det er ganske stor forskjell  frå der eg bur.  Elevane er ungar til foreldre som ikkje har råd til skule. Foreldrene er ute på gata og sel produkta sine, medan ungane er på denne skulen. Du blir stirra på,kalt "gringos" og mange gonger peikt på når du er i denne delen av byen. Vi har fått beskjed om å ikkje ha på oss noko verdisaker, då du lett kan bli rana.

For å komme dit, må eg ta buss i 20 min. Eg og ein spansklærar tok bussen saman, og han lærte meg kva buss eg skulle ta, og korleis eg skulle komme meg på. Det er få busshaldeplassar i Quito,ingen rutetider og folk vinker langs vegen når dei vil på bussen. Då må du hoppe på i fart, sette deg ned, gå fram når du skal av, betale 1 norsk krone og hoppe av i fart. Svært effektivt.

Matforgiftinga sit endå godt i.. eg får ikkje i meg mykje mat, er småkvalm og slapp. Drista meg på skulen i dag, og skjønte fort at folk er flinke til å prate sammen her. Vaktmesteren var svært bekymra for meg, læraren til Irlin hadde uttrykt sin bekymring i går til henne, og læraren min tok meg med på kjøkkenet for å tvinge i meg 1 liter med oregano-te. Oregano blir ofte brukt mot mageproblem, og blir sett på som eit vidundermiddel. Du koker litt oregano og vatn saman, og siler ut. Det skal rense heile systemet. Alle som kom innom skulekjøkkenet spurte og viste omsorg for stakkars meg. Kjempe fint at alle på skulen veit at "the norwegian girl" Eli har problem med magen. Privatliv er oppskrytt. Virker som at problem blir løst i fellesskap her, og mat og drikke er som oftest løysinga.  Vertsmamma har prøvd å få i meg suppe, fisk, brød, frukt, te, piller og div i dag, og prater om doktor. Eg seier nei takk, og prøver å fortelje at eg har hatt det verre, treng berre litt ro!

Fekk ikkje vore med på fotball i parken i kveld, noko eg syns var veldig dumt, men det kjem vel nye moglegheiter. Har istaden sett på spansk såpeopera og søve.

Krysser fingrane for betre form i morgon, og prøver å ikkje lengte for mykje etter kaviar, brunost, lakris og vatn med smak.

Buenos noches mis amigos.

1 kommentar:

  1. God bedring Eli Anne ! Godt å vite at alle rundt deg vil deg det beste og bryr seg. Her på Vinstra er det 10 minusgrader, mykje snø som vi kan gå på ski eller truger og ake på + fantastisk måneskinn om kveldane !

    SvarSlett