tirsdag 18. januar 2011

Banjo!

Då var eg tilbake i Quito etter ein super helgetur til Banjo, som ligg ca 4 timer frå Quito. I ein trang minibuss med salsamusikk og Michael Jackson, dro ein herleg gjeng ut av byen. Trafikken i Ecuador er ganske så vill... forbikjøyringar og bånn gass er måten å komme fram på. Også sjølvsagt tute for alt og ingenting. Smale vegar og bratte bakkar førte oss til Banjo, som er ein liten tettstad oppe i fjellet.

Vi var omkring 15 med på turen. Tyskerar, nederlenderar, amerikanerar, nordmenn, britiske og sveitsere. Vi pratar stort sett på engelsk, og drar inn nokre spanske glosar av og til.

Eg, Arwen( jente frå Noreg), og to søte jenter frå nederland meldte seg på aktiviteten canyoning, som er rapplering ned ein 50 m høg foss. Dei andre rafta eller gjekk tur i fjellet. I våtdrakt vart vi kjøyrd opp til fossen på lasteplanet til ein sprek bil. Det var berre og halde seg fast. Guiden, busssjåføren og ein spansklærar var med oss. Vi øvde i litt småfossar først, før vi rappelerte ned den største. Kalde og våte kom vi ned til hotellet, og tok ein varm dusj før vi skulle ut og ete med resten av gjengen. Havna på ein bar på slutten av kvelden, men fjortissfaktoren og den høge musikken frista ikkje så veldig, så tusla tilbake til hotellet.

Søndag var det tidlig opp, vi skulle nemlig ut og sykle! Vi skulle sykle omkring 25 km. På vegen stakk vi innom ei bru der dei som ville kunne hoppe i strikk. Mange tøffe jenter hoppa, eg var ikkje så tøff og sto over. Når vi skulle opp på sykkelen igjen, fann ikkje eg min. Fine ord frå Marcel på oppgitt sveits/engelsk " Have you lost your bicycle?" Til slutt fann vi ut at bussjåføren vår hadde lånt den, og han kom trillande forbi tilslutt. Folk hadde knapt sykla, så måtte gå av syklane i nedoverbakke. Det gadd ikkje vi som hadde sykla før og vente på, så vi delte oss opp. Deilig varm vind og frodige fjell gjorde turen super. Sveitte og fine satte vi oss i bussen og kjøyrde mot Quito igjen.

Joggings og lekser før spanskundervisninga på måndag, og ut ein tur ut for å ete i byen med jentene. Vart matforgifta og har holdt senga i heile dag. Tusla krokrygga ned på skulen i dag tidlig og sa i frå om at eg ikkje kom til timen. Vertsmamma og hushjelpen har servert meg papaya, eple og te i heile dag, svært så bekymra. Føler meg betre,og håper på at det har gått over til i morgon. Søv berre eit par timar i natt,så blir vel tidlig kveld.

Håper alle har hatt ei super helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar