tirsdag 11. januar 2011

Salsa!

Det føles trygt å vakne opp til politiet sitt opprop utanfor soveromsvindauget. Eg forestiller meg at dei seier noko i den duren her " Skal vi gjere ein god jobb i dag"? alle svarer "JA". " Skal vi passe ekstra på dei frå Norge?" Alle svarer "JA SELFØLGELIG". Vertsmamma fortalte at dei har opprop tre gonger om dagen, så rista ho på hovudet.. tydligvis oppgitt.

Vertsmamma hadde kjøpt negro brød til meg i dag, kun for meg.. vart nesten rørt! igjen rista ho på hovudet når eg hadde eple på brødskiva istaden for syltetøy. Brødet var betre enn loff, men mistenker at det er ein del fargestoff i det.. så det skal sjå grovare ut enn det er. Smart.

Gjorde lekser og tusla nedover mot sentrum for å lese ute i sola. Møtte på Irlin og Kjersti( mine to nye vener!), og vi gjekk saman ned. Kom heim til middag som var suppe med, hald dykk fast, RASPEBALL. Eller eg trudde det var det, smakte heilt likt! Men det var faktisk grønn banan sa vertsmamma. Var ihvertfall laga på same måten, og med kjøt inni tilogmed.. smakte kjempe godt! Fekk med meg god gammeldags norsk matpakke på skulen( grovbrød med skinke og ost). Spansklæraren min smilte godt når ho såg matpakka.

4 timer hard jobbing seinare, var vi klare for salsa timer! Trudde det skulle bli super lett, det var det ikkje.. så masse rare turar( som det heiter på swingspråket). Hadde heldigvis ein meget engasjert partner( Irlin), som var mannen i forholdet. Kasta meg rundt og fekk læraren til å vise oss fleire gonger.. repite por favor!

Fantastisk sliten og heim til kveldsmat, som var middag. Kjøt og pasta. Verdas søtaste kake til dessert..

Irlin og Kjersti kom innom utpå kvelden og lurte på om eg ville bli med dei og nokre britiske folk ut på pub. Eg takka fint nei, var heilt skutt.. følte meg skikkelig kjip og asosial, men dei lovte at det kom fleire moglegheiter.. og det trur eg på. Virker som det er mange nok festglade folk på skulen ja.. i morgon er det coctail lesson, tipper eg skal lære å lage vodka battery eller noko.

God natt kjære dykk heime.. savner alle.. spesielt mi novio!

PS: Har tatt bilete i dag, og prøvde å laste opp, men det gjekk svært treigt og eg fekk det ikkje til.. skal prøve å finne ut av det fort som fy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar