lørdag 8. januar 2011

På plass i høgda

Eg klarte det...lang reise, men med både film og musikk går 15 timar overraskande fort. Etter ca 4 timer rar søvn på Heathrow, starta dagen kl fem, kom meg til gaten og sovna på flyet ganske så kjapt.

Flaug inn langs strender og palmer i Miami,og oppdaga fort at ull passa dårleg. Bleik som berre det tusla eg rundt i joggebukse og singlet på jakt etter kaffe. Papir vart fylt ut, og sjølvsagt vart eg stoppa. Mannen lurte på kva i all verda eg skulle i Quito, eg kunne jo ikkje spansk. Etter hyggeleg samtale og dårleg engelsk frå nervøse meg, fortalte mannen meg kva kjærest heiter på spansk.

Flyturen til Quito var passe seig, særleg når eg hadde gått inn for å ikkje søva, det gjekk heller dårleg. Vart henta på flyplassen og fekk varm velkomst frå "vertsmammaen" min. Ho kan heldigvis mykje engelsk, spansken er litt rusten hjå meg gitt..

I dag vakna eg opp etter ei natt med mykje lyd, politistasjonen er huset ved siden av, og dei rykka ut titt og ofte. Frokosten besto av frukt, musli og yogurt. Eg vart tilbudt kaffe, takka ja og fekk ein kopp med varm mjølk. Kaffen skulle tydeligvis eg putte oppi mjølka, og folkens, pulverkaffe med mjølk istaden for vatn er ganske godt! Dei rista likevel på hovudet når eg ikkje skulle ha sukker verken på kornblandinga( som var sjukt søt frå før), eller i kaffemjølka. Middagen som er kl eitt var kjøtt og potet og verdas søtaste kake til dessert.

Har vore på omvisning i nærleiken og vorte kjent med to norske jenter som bur tvers over vegen.. heldigvis..svært så hyggelege! Etter omvisninga fekk eg beskjed om å legge meg ned på senga, då vertsmammaen syns eg var forferdeleg bleik. At eg søv og kviler er ho også veldig opptatt av. Håper sola får gjort noko med hudfarga mi, sola er ihvertfall veldig sterk her, og vi får beskjed om å smørje oss godt inn. Temperaturen er ca 20 grader, deilig. Sol og herlig varm vind. Høge fjell og frodig som berre det rundt byen.

Kultursjokk til no:

 Kan bli rana overalt høyres det ut som, gå ikkje rundt med noko verdisaker, berre litt cash.

 Ikkje mogleg å skylle ned dopapir i do.. så det er i ei bøtte ved siden av doen.

Tar ikkje av oss skoa inne

Vakthunder er like farlege for dei han held vakt for som innbruddstjuvar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar