torsdag 13. januar 2011

Enpaladas og canelosa!

Varm i ansiktet etter ein strålande dag i sola. Ca 25 grader og deilig varm vind. Vandra ein tur i parken med mine to chicas frå Norge før skulen. Senga frista i går kveld, men eg måtte fint bli med ut på livet. Vi dansa salsa( prøvde) og storkosa oss. Musikken og stemninga var herleg. Fikla fælt med gitteret framfor inngangsdøra mi når eg kom heim igjen, så måtte til slutt ringe på. Vertsmamma kom trøytt ut og spurte kvifor eg kom heim så tidleg, det var jo ladies night! Her går folk ut rundt kl ni, så eg var faktisk i seng til halv eitt..

Middagen før skulen var tomatsuppe, og kjøt med spinat og heimelaga pommes frites. Vertsmamma sit ved bordet og passar på at eg et opp, og minner meg på kor viktig det er å ete før skulen, då eg lærer betre.

Spansklæraren min spurte om eg var trøytt etter festen i går, og ville ha alle detaljar. Vidare fekk eg beskjed om at det var viktig å vera utkvilt til timane, og seine kveldar kunne eg ta til helga. Eg nikka,og timen vart svært så velukka. I pausa måtte vi synge bursdagsong på norsk til ei av dei frivillige som hadde bursdag. Kake og pinjata. I kontrakten vår står det at vi er pliktige til å bli  med på bursdagfeiringar, virkar som at bursdagar er svært viktig å markere her i Ecuador.

I kveld har vi vore på tur i gamlebyen med skulen. Guiden prata på spansk, og eg forsto utruleg nok det meste. Utafor presidentpalasset spurte han om kva presidenten heiter i Ecuador. Eg kunne svare Raphael. Vidare spurte han kva som var spesielt med Raphael. Eg kunne svare at han var ung( på spansk). Dette var sjølvsagt berre flaks, då eg og vertsmamma hadde prata om akkurat dette for ikkje så lenge sidan.
Vi åt enpaladas, som er ei slags fritert pannekake med ost inni. Altfor godt. Til drikke fikk vi canelosa, som er ein spesialitet her i Quito. Det er ein slags varm te med ein rar frukt og kanel i, og sjølvsagt vodka. Varma godt i kroppen.

Natti natt..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar