fredag 14. januar 2011

In the middle of the world!

Jepp, eg har vore i sentrum, i midten, in the middle of the world,  nemlig EKVATOR. Det var faktisk ganske kult! Irlin spurte om eg ville bli med på tur med spansklæraren hennar og to andre frå skulen. Eg takka sjølvsagt ja,og i dag tidleg satte vi oss i bilen og kjøyrde ut av Quito. Etter ca ein time var vi oppe i fjella, og kunne nyte eksosfritt, nydeleg natur og utsikt. Spansklæraren syns vi burde smake på ein lokal spesialitet, så vi stakk innom ein bakgård i ein liten landsby og fekk kjøpt oss 1,5 liter( coca cola flaske) med heimebrent.

På ekvatormuseumet fekk vi prøve mange artige øvelsar og triks. Til dømes at vi var sterkare på ekvatorlinja enn utafor. Vi hadde ikkje balanse på ekvatorlinja. Og vatnet rann rett ned og ikkje rundt. Alt stemte.. veldig rart.. guiden kunne fortelje at sola var ekstremt sterk der vi var, og at alle som jobba der brukte solfaktor 100. Sola steikte frå blå himmel, eg hadde kun solfaktor 15 så vart sjølvsagt solbrent. Tørt som berre det og rundt 30 grader. Sveitte,solbrente og fornøgde kjøyrde vi tilbake til Quito. Det venta middag( pai og suppe) og ut på livet ein tur med Kjersti. Måtte heim tidleg, då eg reiser på helgetur opp i fjella, nærmare bestemt Banjo i morgon tidleg kl sju. Spanskskula fristar med rappelering ned foss, strikkhopp, rafting, ridning, sykling og fjellturar. Eg gler meg, og oppdaterer bloggen på søndag kveld!

Ha ei super helg alle saman, nyt nyt nyt.

3 kommentarer:

  1. Ragnhild og Signe15. januar 2011 kl. 11:15

    Hei Eli Panne!
    Det høres ut som at du har det veldig bra. Vi misunner deg litt gitt. Fantastisk å oppleve at fenomenet faktisk stemmer angående Ekvator. Det er altså ikke funnet på.. Det imponerer. I dag har Ragnhild vært uunnværlig på Manglerud. Sofaen er på plass, hyllene og TVen er oppe. Vi savner deg!!!! Klemmer fra lørdagskveld i Pilestredet:)

    SvarSlett
  2. Her har vi venta på at du skulle kome deg ut på landet og oppleve det ekte og naturlege. Spansken ser det ut som du har draget på. Det blir sikkert meir interessant og snakke med dei innfødte etterkvart. I fjella er det sikkert indianerar du kan lære noko av. Kos frå Skammestein.

    SvarSlett
  3. Hei igjen kjære kollega!

    Skal si du opplever mye der nede og du har sikkert en personlig læringskurve som går rett opp! Her på UK er livet som vanlig. Det vil si, det er ganske travelt, men bra. Det er veldig moro å lese oppdateringene dine og jeg gleder meg til å høre om siste dagers sporty opplevelser.

    Ha det gøy!!!

    Klem fra Anja:-)

    SvarSlett