søndag 23. januar 2011

Pichincha 4700 m.o.h

Dagane går fort for tida! Fredag etter skulen oppfordra girlsa frå Noreg til fotball i parken, då det var så velykka sist, og sidan eg ikkje fekk vore med på tirdag var eg svært så gira. Vi tok ein super rask buss( som går i midten av vegen), er ein slags kombinasjon av buss og trikk, til Carolina parken. Der møtte vi fleire ecuadorianske gutar som var kompiser av lærarene og dei som jobbar på skulen. Opplegget var omtrent som på Vanglers, ikkje noko system, men utruleg artig. Må nok seie at tempoet var ein del høgare, og når pusten ikkje funkar i høgda, resulterte det i ein ganske sliten gjeng. Når vi i tillegg spelte om øl vart stemninga fin. Her bruker ein mykje tid på å diskutere i løpet av kampane, samt dele opp i lag( som var omtrent som på barneskulen, om å gjere og ikkje bli valgt til slutt). Diskusjonane gjekk ofte på om det var mål eller ikkje og  kor stygge taklingar ein kunne ta før det vart frispark. Eg er blå over heile leggen, men fekk ikkje frispark. Sveitte og fornøgde tvinga vi oss inn på ein overfylt buss tilbake og kom såvidt av igjen utan å bli robba og kvelt. Utpå kvelden møttes vi for å drikke den berømte cervezaen vi spelte om. Vi fann ikkje fotballgjengen med ein gong og tok ei runde rund Playa Foch, som er uteplassområdet. Plutseleg er vi midt oppi ein slåsskamp, og er dekka av grå røyk. Tåregass er ikkje særleg behageleg, og då eg ikkje fekk puste, reagerte eg  med å springe det eg hadde. Effektive saker. Rennande auger og hosting, samt litt panikk for å ikkje å få puste er uvant ja. Møtte tilslutt dei andre og stakk på ein roleg og fin bar litt utafor turistområdet.Vi dro heim rundt midnatt då vi måtte sove ut før tur til vulkanen Pichincha dagen etter, oppmøte kl 7.

Kl 7 laurdags morgonen sto vi klare, og ecuadorian- time betyr det halv åtte. Kjørte i minibuss opp mot fjellet på smale, svingete, humpete, gjørmete vegar. Bussen klarte ikkje å dra opp dei brattaste bakkane, så eg og 5 andre vart "kasta" av medan dei andre fekk skyss eit par km opp i fjellet. Vi måtte gå. Eg bar i tillegg ein del vatn, då eg syns synd på guiden som skulle bære all mat og drikke til oss opp til toppen. Det angra eg litt på, når eg på 4000 m kjente at beina ikkje funka, hodet var tungt som bly og eg heiv etter pusten sjølv på flata. Var ein relativt kort tur på omkring 2.5- 3 timar, men dei siste metrane føltes som mil. Folk spydde, smilte, pusta og var sjukt svoltne når toppen viste seg. Vi kunne kjenne varmen frå krateteret på toppen. Dessverre var det relativt skya så vi hadde ikkje max utsikt. Litt nedanfor toppen spiste vi lunsj i ei lita hytta som minte svært om DNT hyttene i Noreg. Læraren diska opp med grønnsaker, skinke, ost og te. Han skar seg i fingern, så eg tok over guacamole-laginga. Den vart veldig god, faktisk. Alle grønnsakene og fruktene her smaker så mykje meir enn i Noreg, og er i tillegg super billige.

Turen ned gjekk overraskande fort, og vi var tilbake i Quito kl fem. Då fekk vi tid til å sove litt før vi møtte to av dei ecuadorianske fotballgutta ute på ein bar. Vi kosa oss med øl og canelaso og røykte vannpipe, noko eg tydelegvis var svært dårleg til. Ta det med ro, det var verken nikotin eller andre skumle greier i vannpipa. Etterpå gjekk vi på den "faste" danseplassen vår, der vi møtte mange frå skulen. Dansa salsa til kl vart nok, og tusla heim til senga.

Vakna opp i dag til fint ver, og vi jentene kjøpte deilig mat på butikken og hadde piknik i ein svær park/ skog litt utafor byen. På vegen inn i taxien når vi skulle tilbake klarte eg å rive opp buksa midt på rumpa, og såg ingen annan utveg enn å bli med heim til Arwen som tilbydde seg å sy den saman igjen. Då eg berre har ei bukse, var eg svært nøgd med at ho er super flink til å sy. Tusen takk! Tok taxi tilbake frå Arwen og likte drosjesjåføren så godt at eg gav han 50 cent meir enn vi hadde bestemt. Han vart super glad og fortalte at han skulle på butikken og kjøpe brød, mjølk og kylling. Perfecto sa eg, og hoppa ut. Må pugge irregulare verb no, og er stygt redd det blir tidlig kveld.

Buenos noches, me gusta brunost.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar