tirsdag 7. desember 2010

Blogg.. haha!

Blogg blogg blogg...

Kjære herlige dykk!

Her kan dykk lese om når eg står opp, kva eg et til frokost, mellommåltid, middag og kvelds. Når eg trener, korleis eg gjer det og kvifor. Irriterande, men sidan dette liksom er ein reiseblogg må eg også fortelje om alt det kule eg gjer, kor kul eg sjølv er, kor kule venene mine er( har ingen i Ecuador endå, men det kjem!)og til slutt kor god eg har vorte i spansk og salsa.

Men Eli da, du har vel ikkje internett i Ecuador tenkjer dykk vel no. Og då kan eg fortelje at DET har eg! Så ta det heilt med ro, oppdateringar kjem, og dei kjem ofte.

Turen er eigentleg eit slags alibi for å kunne opprette ein blogg. Det vart ein dyr blogg, men absolutt verdt det.


Eg har valgt å skrive denne bloggen på nynorsk, då eg syns det er slitsomt å skrive på dialekt, og bokmål blir også feil. Nynorsken er sjølvsagt perfekt, så ingen vits i å kommentere den.

Sånn... då er eg i gong...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar