søndag 20. mars 2011

Belize

Nattbussen til Puerto Escondido var som dei andre bussane vi har tatt i Mexico, first class! Setene er mjuke, mogleg å lene laaaangt bak, nesten som ei seng.Vi søv som berre det, og vakna opp forvirra og lurte på om vi var framme. Då hadde vi jammen klart å sovne rundt halv eitt og vakna opp halv sju. Jammen godt vi faktisk vakna opp! Fikk fortalt at det var igjen ein halvtime. Kom fram rundt sju, og vandra litt i gatene før vi fann eit rimeleg og greit hostel. Dro med oss ein tysker frå gata som også leitte etter ein plass. Han tok rommet ved siden av og vi naboane møttes på balkongen for øl titt og ofte. Puerto E var også ein roleg og digg plass. Den er kjent for bra surfing, og mange kjem hit berre for det. Det einaste minuset var at vi utan brett ikkje kunne ta ein svømmetur på hovudstranda, då det er for farleg utan brett. Bølgene var svæære for Eli ihvertfall, så det gjekk fint med ein dag vassing og soling. På kvelden åt vi med tyskeren og venninna hans frå Belgia, deilig sjømat. Red snapper fisken og svære reker er alltid ein vinner. Tilbehøret er ofte enkelt og alt er lett krydra, det gjer at fiskesmaken kjem bra fram, og det likar eg! Stakk på ein bar på stranda etter middag, bølger, stjerner og levande lys i varmen, med salsamusikk er heilt greit. Neste dag reiste vi på ein mindre strand med våre nye venner, først måtte vi ha frokost, i Mexico er det'ofte frukt og yogurt med granola, egg, eller pannekaker. Denne stranda er meir for nybegynnarar, og eg leide eit longboard. Litt for lite bølger den dagen, men fekk no testa padleeigenskapane. Dobbeldate igjen på kvelden, med grillmat og sjømattaco. Tom( tyskern) meinte vi ikkje kunne dra frå Mexico før vi hadde smakt "faren" til tequila, "mengal", og kjøpte derfor ein shot av det før vi stupte til sengs. Opp kl 5 neste morgon, klare for flytur til Belize! Litt skeptisk til om taxisjåføren vi hadde avtalt med faktisk kom så tidleg, men jammen sto han der. Sønnen kjørte bilen, og det var mest sannsynleg øvelseskjøring. Vi hoppa på bussen, og fekk beskjed etter to timer om at akkurat HER er flyplassen. Takk til mannen ved siden av som tilfeldigvis hadde fått med seg på bussterminalen at vi skulle av der. Frå sjåføren var det nemlig lite hjelp å få. Kom oss av, og tusla ein veg til venstre før vi såg ein liten flyplass.

Fint og greit fly til Mexico city og vidare til Chetumal, som er på grensa til Belize. Ein rusten buss gjennom grensekontroll og VIPS var i eit anna land. Møtte ein hyggeleg fyr som var på veg til jobb på eit hotell då vi kom fram til Corosal. Vi skulle tar båt frå Corosal til San Pedro neste morgon og takka derfor ja til å ligge på hotellet han jobba. Gjekk på ein anbefalt spiseplass på kvelden og fekk både tips og god hjelp av han som eigde restauranten. Igjen deilig sjømat, men denne gongen med Belizisk øl til. Det funka,
Vi er tidlig på`n om dagen, og kl sju gjekk båten til San Pedro, "La isla bonita" som Madonna syng.Rundt to timar med båten, og vi hoppa av. Vi merka allereie ved første steg at folk var glade i å hjelpe og prate. Vi kom oss til eit billig gjestehus rett ved stranda, og stakk ut for å ete frokost på stranda. Wrap med omelett inni var spesialiteten, og tortillaen var heimelaga, digg. Vi ville snorkle, gjekk difor til ei sjappe som kunne hjelpe oss med nettopp det. Fekk booka tur på ettermiddagen, og vi vart lova både hai, stingray og anna artige fiskar i det nydelege "barrier rief". Og jammen fekk vi det vi vart lova, eg for min del hoppa uti den siste plassen etter at nursesharken hadde svømt litt bort frå båten, men med stingray rett under meg var det nok action. Det blåste opp og regnet kom, vi nordmenn hadde det litt kjølig, to damer frå California holdt på å dø.

Inn til varm dusj og ut på middag. Karaokekveld med div turistar og lokalbefolkning på scena. Madonna vart naturlegnok spelt eit par gonger, og avslutninga på heile kvelden var ein relativt "høg på eit eller anna gress" bob marley lignande figur utan tenner, som kasta jakka og viste musklar under songnummeret. Møtte ein kameratgjeng frå Stavanger i baren, som var der for å fiske etter både fisk og damer.
Sto opp i rimelig tid neste dag, åt igjen deilig frokost på stranda. Denne gongen noko havregrøt greier og omelett. Vi gjekk til Joe som lånte oss to syklar, hyggelig kar, påsto at ein fekk ni år i fengsel for å stjele sykkel. Å røyke hasj var berre ei lita bot, som vart betalt rett til politimannen sjølvsagt.

Hadde ein meget varm, men fin sykkeltur på hovedvegen på øya, som er ein humpete grusveg. Åt lunsj på ei brygge heilt i enden før vi sykla tilbake. Satte oss i nokre "sittehengekøyer" på ein bar ved stranda og drakk pina colada( happy hour) før vi tusla bort og åt sjømattaco og burger. Her møtte vi ein triveleg kar som dreiv med "couchsurfing". Han ville vise oss ein lokal pub,og vi vart sjølvsagt med. Etterpå stakk vi på ladies night og fekk dansa litt.

Tiiiidleg morgon neste dag tok vi båten til Belize city, og etter råd frå vår kjære restaurantmann i Corosal stakk vi rett på bussen til San Ignacio, ein liten landsby inne i landet, berre 7km frå Guatemala-grensa. Hoppa av bussen og vart møtt av ein kar med son på busshaldeplassen. Dei anbefalte eit gjestehus og fulgte oss dit. Eg har ikkje heilt skjønt det, men trur greia er at mange jobbar med å skaffe gjester til hotella og får litt av hotellet for å gjere det. Vi sa hadetbra og takk for hjelpa. Sir John som eide gjestehuset fortalte oss om ei superduper grotte som vi berre MÅTTE besøke. Han fekk overbevist oss,og vi stakk ned i sentrum for å høyre litt rundt. Når vi kom tilbake hadde han prata med ein kar sa han ,som skulle hjelpe oss med turen. Denne karen var jammen han vi møtte på busshaldeplassen. Samarbeidet funker strålende tydeligvis. Karen heiter Mercedes, og følger verkeleg opp kundane sine. Han var innom titt og ofte og gjekk med oss i gatene og fortalte mykje nyttig og unyttig.  Han tok oss også med på kanotur med badestopp, og Kristian stupte frå eit berg med eit svært lokalt publikum. På kanoturen fekk vi igjen gode råd, denne gongen om kjærleik. Vi var også oppe ved nokre Mayatempel i nærområdet.  På kvelden åt vi deilig mat på ein restaurant som dyrker dei fleste råvarene sjølv, alt kjøt og ost er også laga der. Kyllingsalat på meg og biffmiddag på Kristian. Og såå.. heilt seriøst verdas beste ostekake. Aldri smakt maken.

Dagen etter vart vi henta av Carlos, guiden som har hatt med blant anna discovery og national geographic inn i grotta. Plukka opp 6 andre turistar på eit hotell, french canadians, texas, norway og seattle var representert. Det var forøvrig navna våre heile turen. Miss Norway var mitt. Han la ikkje skjul på at han ikkje likte amerikanarar, grunnen veit eg ikkje, men skjønte det som at han hadde fått ein del klager av amerikanarar før. Bortskjemte, høglytte og overlegne var vel kort sagt korleis han beskreiv dei. Nordmenn og tyskerar derimot, var bra folk. Creolsk er noko dei fleste pratar her i Belize, og det er seriøst det kulaste språket. Han og den andre guiden prata dritt om dei andre selskapa på spansk, då dei skjønte eg kunne litt spansk la dei plutseleg om til Creolsk.

Grotta var fantastisk! Vandra først gjennom jungelen litt, så inn i grotta i tre timar. Med hjelm og lykt svømte vi og gjekk med vatn opp til brystet inne i grotta og fekk sjå sjelett og gjenstander frå Mayafolket. Det er få plassar i verda at staten tilet vanlege folk å gå slike plasser. Innerst inne måtte vi ha av oss skoa og gå i sokker, pga av bakterier osv. Vi var mållause av det enorme "big rom" vi kom til, slo av alle lys, og det vart mørkt ja. På turen tilbake bestemte vi at alle skulle møtes neste kveld på ein lokal fest i landsbyen 10 min frå San Ignacio. På kvelden åt vi nok eit digg måltid, nemlig kebab! den tar 50 min å lage, og er ikkje kebab i det heile tatt, men grillspyd. Godt var det no. Vi klarte ikkje å la vere, og gjekk bort til restauranten frå forrige kveld og åt nok eit stykke med den fantastiske ostekaka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar