mandag 14. mars 2011

Mexico!

Litt feil rekkefølge, men Cotopaxituren blir lagt ut etter dette innlegget. For å gjere det enkelt og ryddig. Kremt.

Måndag var jobb med nydelege ungar. Etter jobb skulle eg og Fredy gå ein liten ettermiddagstur i parken. Den lille turen vart 4 timar. Eg vart invitert med opp til huset hans i Papallacta som er ca 2 timer opp i fjellet frå Quito frå torsdag til fredag, noko eg sjølvsagt takka ja til. Har vorte anbefalt å reise dit og prøve dei varme kildene.
Tirsdag var det pubquiz og dansing på kvelden, onsdag ladies night og siste night for Eli. Fekk møtt dei fleste for ein siste øl og hadetbraklem, noko som sjølvsagt var trist. Men alle skal besøke meg i Noreg, og eg får ein travel reiserute neste år. Siste dag på jobb torsdag, og hadetbraklem til alle der, noko som igjen var altfor trist. Vart henta av Fredy og råna opp til Papallacta med han. Der klatra vi i fantastisk ver i ein fjellvegg, søv litt i graset og bada i Hot Springs på kvelden. Etter badinga reiste vi opp til huset hans der mor og far hans bur, noko som var spesielt for Eli gringo. Vi lurte litt på kva vi ville ha til middag, han foreslo ørret og forsvant ut døra. Kom inn igjen med ein fersk ørret rett frå eit heimelaga basseng utafor huset og slengte i panna. Saman med potet og grønnsaker plukka på garden og rødvin var det komplett. Verdas beste avslutning på 2 ubeskrivelege månadar i Ecuador. Eg kjem tilbake. Overnatta i huset som var relativt kjølig men fint. Frokost i lue og ullgenser som besto av fersk frukt, og fersk ost som mammaen til Fredy hadde laga. Så gjekk det slag i slag med kjøretur frå fjellet, rask pakking og full fart til flyplassen. Mexico!!!!
Då eg og min kjære Kristian ikkje hadde noko plan B, kryssa eg fingre og tær og håpte at plan A om at han satt utanfor gaten min i Mexico city funka. Gjennom eit par, tre,fire kontrollar og haltande spansk gjekk eg ut av "Sør Amerika gaten", og jammen satt guten der. Etter to mnd var det sjølvsagt stor stas å sjå Kristian igjen. Vi kom oss fort til hotellet og endå fortare ut av Mexico city dagen etter. 4 timers busstur til Morelia, som ligg på rundt 2000 m.o.h. Bussane her er fantastiske og ein heilt anna standard enn i Norvega.. beste setene, AC, snacks inkludert, musikk og tv.
Fant eit rimelig og hyggeleg hotel i gamlebyen. Brostein, parkar, kyrkjer, marked og fjell funkar bra saman. Etter to mnd med ecuadoriansk mat, må eg innrømme at det smakte fantastisk med krydder, og kjøtt som var mogleg å tygge igjen. Mexicansk mat er verkeleg herleg, vi må berre lære og ikkje sluke dip til tortillasen før vi har tatt ein liten smakebit først... i Morelia har dei ein spesialitet som heiter ?. Ein slags fruktsalat med salsasaus, chilli, ost og salt. Veldig god. Ein anna "have to try" er ?. Tørka frukt med sukker, altfor godt.
Neste dag tok vi bussen vidare til Zihuatanejo, ein liten kystby ved stillehavskysten. Varmen slo i mot oss når vi gjekk av bussen. Taxien slapp oss av ved hostellet som var anbefalt i lonely planet boka til Ingvild( Ingvild: vi hadde aldri klart oss utan boka di!). Vi ville ha eit billig hostel med "sjel", og dette hostellet var verkeleg personleg, spesielt og billig. Vi ringte i bjella utanfor bambusporten og vart møtt av ei svært hyggeleg dame. Rommet var enkelt, doen var rundt hjørnet og dusjane var ute i hagen. Masse fargar, julepynt ,surfebrett, hengekøyer og ein heimesnekra bar pryda hagen "vår". Dagane besto stort sett i deilig frokost med fruktsalater og pannekaker, strandliv og sjømat på kvelden. Få turistar og svært "tranquila" plass. Ingen stress!
Etter tre dagar var vi klare for litt meir tempo, og tok bussen til Acapulco. Ja, vi veit at Acapulco har eit lite rykte på seg for å vere både farleg og mykje anna rart, men inspirert av Donald, måtte vi berre ta ein tur. Tydelegvis lavsesong, då vi var så og seie åleine på den svære stranda. Desto meir utsatt for selgere.. eg overdriv ikkje når eg seier at vi sa "no gracias" kvart 2 minutt. Det var mogleg å kjøpe det meste. Alt frå smykker, masasje og hårfletting til mat og ikkje minst "weed". Vi takka fint nei til alt utanom hårfletting( takka nei tre gonger først, men dama var så hyggeleg så tilslutt fekk ho lov til å putte tråd og perler i håret mitt, skikkelig fjortis). Kristian prøvde massasje, og fekk testa ryggraden, då ho fekk banka litt på den. Dette er partybyen på kysten, men vi tok tidleg kveld dei to dagane vi var der. Den siste kvelden såg vi dei berømte "cliffdiverne", og det var verkeleg verdt turen. Gutta hopper frå 25- 30 meter frå ei klippe ned i eit trangt sund. Fekk jammen tatt eit bilete med samtlege gutar i speedo. To dagar i Acapulco var egentleg nok, og vi hoppa på neste buss, denne gongen ein nattbuss til Puerto Escondito.

3 kommentarer:

  1. Er så glad for at du har det så bra! Fikk lyst å dra til Ecuador (og mexico da) selv jeg nå, bare ta med mann og barn og dra. Kom vel aldri med så mange flere tips til Mexico turen, men ser dere hvertfall er kommet til Puerto Escondido- håper det fortsatt er paradis...som det var for 10 år siden. Skjønte at hvertfall bussenen er blitt bedre...og det er bra for deres sikkerhet:-) Jeg tipser om og bare kose dere- drikke ferskpresset appelsinjuice hver dag, og corona (mange), spise masse god mat og danse mye salsa! Nyte hver dag og hverandre!

    Tonje

    SvarSlett
  2. Tusen takk Tonje! Alt er mulig, om dere vil, bare å sette seg på et fly;)Håper alt er bra med magen og resten av familien. Gleder meg til købentur! Du skal være med sant? Nå har vi plutselig havna i Belize..det også er fantastisk. Vi nyter nyter nyter! Tipper det begynner å bli vår i Norge nå..( okay, litt tidlig, men snaaart). Klem fra San Pedro!

    SvarSlett
  3. Alt er bra med familie og han lille i magen! Blir kjempekoselig med Købentur, gleder meg! Syns det var bra at du får en rolig start på jobben igjen...kan jo bli en liten omstilling fra mexico til sandvika:-) Er faktisk vår i luften idag, deilig i sola.
    Klem

    SvarSlett