tirsdag 22. februar 2011

Cotopaxi!

Jepp.. eg er forhåpentlegvis 5897 m.o.h no førstkommande laurdag kl 07.00. Etter mykje planlegging og sjekking på ulike reisebyrå er turen booka. Det er nødvendig med guide, og todagers opplegget eg har kostar rundt 2000 NOK. Utstyr og alt er inkludert, og eg får ha med meg Allan, salsalæraren min! Ein guide på to personar, og valget falt på han, då ingen andre var interessert nok. Eg burde gått meir i høgda, men det er faktisk ganske umogleg med jobbing i veka, og eg må innrømme at kysten og jungelen har vorte prioriert. Uansett vil vi prøve, og eg trur det blir ei flott oppleving uansett. Krysser fingrane for ikkje meir sjukdom før helga!

I dag fekk eg ny gruppe( 3-4 åringane), og det var fint med forandring. Dei er nydelege ungar alle saman, og klarer det meste sjølv. Dei blir sjekka av doktorar kvar 20 dag og kor mykje dei prater, er med på aktiviteter, et og veg blir fulgt nøye med på, noko eg syns er veldig bra. Aktiviteter og plan for dagen er utarbeida av pedagogar. Det er likevel noko eg reagerer på, som for eksempel straffemetodar, mat som skal tvingast i ungane uansett, og hygienen. Til tross for det trur eg ungane har det bra, og alternativet er mykje verre. Føler meg til nytte og alle som jobber der tar godt i mot meg og respekterer at eg ikkje gjer ting på samme måten som dei.

Etter jobb rakk eg ein super rask joggings før Allan dukka opp for salsatime nr fire. Det byrjer å gå fort og gæli og stadig nye steg og "moves".  Mykje latter og fjas i dag, men føler eg lærer mykje kvar gong. Middag (tunfisksalat, grønnsaker og ris) og tidlig seng..

Besos para todos!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar