torsdag 10. februar 2011

Ahh.. deilig med en ekstra valdrising her i Ecuador

Hola!

Jepp, coctaillesson endte i godt humør, plutselig middag med Marcel og canelaso etterpå med gjengen frå skulen. Ut på salsabar etterpå og heime rundt kl eitt.. opp sju, småforvirra og trøytt. Klarte å sovne på bussen til jobb, eit under at ingen robba meg. Var berre seks ninjos på gruppa mi i dag, noko som var veldig deilig. Fekk meir tid til kvar enkelt, og rolig stemning. Damene som jobber der går noko skulegreie i helgene, har ikkje heilt skjønt det, men dei prøver å lære engelsk og matte. I dag kom dei bort og dro meg bort til bøkene deira og ville at eg skulle gjere leksene. Matte på spansk, great. Det var heldigvis 1 klasse matte, så eg trur eg klarte å lære dei litt. Men eg nekta å gjere oppgåvene FOR dei, sjølv om dei prøvde seg opptil fleire gonger.

Etter jobb heiv eg i meg middag, tok ein rask joggings og møtte Marte og AJ! Utruleg hyggelig! Dei skal bli i Quito fire dagar. Canelasosmaking, enpaladas, gamlebyen, mitad del mundo og fotball står på planen. Me gusta mucho!

Natta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar