mandag 7. februar 2011

Eg har møtt Tarzan

Tilbake i høgda etter ein rå tur til Amazonas. Jepp, det er fantastisk der, bittelitt vanskeleg å beskrive, men eg vil prøve.

Søndagkveld kl halv ti om kvelden møtte eg og Andrea opp på Esmeralda busstasjon i Quito. Som vanleg venta vi ein halvtime både på buss og lærarane, vanskeleg å lære seg ecuadorian -time. Sliten og trøytt klarte eg faktisk å sove fem timar, til tross for film på full guffe over anlegget. Vakna av at Marianna( min lærar) dro av meg teppet som eg tydeligvis hadde putta over hodet. Viktig med teppe når det er 30 grader om natta. Varm, klam og trøytt hoppa vi ut rundt kl fem om morgonen. I mørket på veg til båten møtte vi ein kar på sykkel som ville selge juice, og ein gal hund som sirkla rundt oss og beit etter beina våre. Etter mykje hamring og forsøk på å få opp gjerdet til hotellet vi skulle vente i fram til kl 11, kom vi til slutt inn. Der venta leksene mine og 3 timar med Marianna. Eg såg rart på Marianna, men ho sto på sitt og beordra meg til å finne fram bøkene fort som fy. Har så respekt for den dama. Hadde ein liten down periode med matforgifting og eit plutseleg tap av hørsel når vi hadde time i forrige veke, vart redd og felte eit par tårer. Fekk til svar at det var heilt normalt å miste hørselen her i høgda og kunne versågod fortsette på oppgåva ho hadde gjett meg. Til tross for lite følelser, er ho fantastisk flink til å lære bort, og vi har det veldig kjekt saman. Veldig glad for at ho kunne bli med til jungelen.

Båten var ein slags elvekanoting med motor( som streika titt og ofte). Tok omtrent ein time inn til lodgen og den fantatiske plassen vi skulle bu i ei veke. Vart tatt imot med lemonade og deilig mat. Alle andre skulle ha time, men eg hadde jo hatt det om natta, så eg var klar for aktiviteter. Guiden vår Vinter gav oss støvler og tok med meg og Hugo( ein frå Canada) ut på tur. Fikk utdelt ein pinne med snøre og kjøtt. Ut i kano og klar for å fiske piraya. Eg spurte kva som var greia om vi faktisk fekk ein på kroken. Han sa at eg skulle slenge den opp i båten og passe føtta. For å understreke det viste han oss kva som ville skje om den fikk ta ein bit av oss( han hadde største arret ever på leggen).

Etter mykje rar spanskprating( han prata null engelsk) padla og fiska vi tre timer i sola. Kom ei ordentleg regnbyge, vi vart kliss blaute, men tørka igjen fort. Når det er 35 grader gjer det ingenting med litt regn. Fekk ein piraya på kroken, men den slapp..  endte til slutt opp med tre andre fisk.  Seinare på kvelden gjekk vi med lommelykt og såg på innsekt rundt lodgen. Hengekøye og tidlig kveld. Sov som ein stein.

Lodgen består av fleire hus og eit felleshus med hengekøyer, bord, bar og kjøkken. Husa er laga av bambus og palmeblader, og kvart hus har to senger med myggnetting. Fin dusj som går på gass, og agregat for heile området var på melom seks og ti om kvelden. Etter det var det bekmørkt, kun dei sjølvlysande insekta og stjernehimmelen, ubeskriveleg. Lydar av fuglar, apekattar, andre rare dyr og insekt heile tida, men det var berre behageleg og lytte til når ein la seg i senga om kvelden. Vi fekk mat tre gonger om dagen. Frokosten var egg, banan i alle variantar, frukt, pannekaker, brød, juice og kaffe. Maten ellers var mykje suppe, friterte saker, ris, potet, kjøtt( ikkje spør meg kva kjøtt). Mykje er henta i jungelen, særleg frukta, fantastisk smak.

Andre dagen var eg, Vinter og Hugo ute på tur. Birdwatching frå eit tårn ved ei lagune og såg dei forskjellige dyra som var i laguna.Kort sagt er Laguna eit inngjerda område der dyr som er skada blir frakta til for å bli friske. Gigantrotter, like store som ein hundar, sjukt. Hjortelignande dyr og andre eg ikkje hugsar navnet på fekk vi sjå fleire gonger. Etter turen venta 5 timar med Marianna. På kvelden var vi ute på "aligatorjakt", og Vinter klarte å fange ein liten ein, svært stolt. Kom ein "inntrengar" som heitte Liam den kvelden. Hyggelig, ung advokat frå Australia.

Ellers besto oppholdet av soving i hengekøye, lesing, spansklekser, turar i skogen, hyggelege kveldar med dei andre som var der. Kom ein familie dagen etter Liam. Plutseleg var det fredag og vi skulle heim. Samme dag besøkte vi ein indiginous familie, smakte armadillo, levande maur og rista kakaobønner.

Er ganske utruleg kva dei bruker alle dei forskjellige planene til. Både i matlaging og som medisin. Blant anna kunne du tygge ein plante istaden for p-piller. Spanande.

Bussen på fredag gjekk ikkje før halv ti om kvelden, så vi hadde nokre timar å slå i hel i Coca. Liten og nett by.. mat og musikk overalt. Drakk verdas beste juice på ei sjappe, og åt kokte ekle grønnsaker på eit hotell før vi dro. Eg og Andrea hamstra sjokkis, potetgull( eller friterte bananar med salt rettare sagt), og tyggis. Var klare for å sove litt, bussjåføren meinte vi ikkje skulle det. Musikk på full guffe HEILE natta. Og då pratar vi salsa og techno. Framme i Quito rundt kl halv sju om morgonen, og tenkte at vi like godt kunne ete frokost med ein gong. Deilig frokost ved Plaza Foch( bagel med ost, pannekaker, frukt og kaffe). Gjekk heim og la meg nokre timar, sikker på at jentene mine hadde dradd med flyet til kysten. Bestemte difor med Liam frå jungelen at vi kunne ete ein plass på kvelden, rett før eg skulle møte han kom jentene mine og hadde lagt planer for kvelden. Planen vart at vi dro med Liam ut på canelaso smaking saman med Allan og Daniel, og to andre chicas. Ein heidundrande aften med mykje salsadansing. Kl tre om natta var det bare meg, Kjersti, Allan og Daniel igjen, og vi følte for kaffe på morgonkvisten. Eg oppfordra til håndbak, og konkurransen var i gong.. ein time seinare lå eg heldigvis i senga og var oppe kl åtte til frokost!

8 timar søvn på to netter, og klar for joggetur med Allan søndagen. For det hadde vi bestemt på festen. Dei andre skulle møte oss etterkvart, og her i Ecuador er det som vanleg vanskeleg å faktisk klare å møtes. Telefonar som ikkje funkar, folk som ikkje møter opp, eller møter opp på feil plass. Eg og Allan fann kvarandre etter ein halvtime leiting i skogen. Etter MYKJE fram og tilbake bokstaveleg talt, fann vi til slutt våre gode vener i parken. Dei hadde med vegetarmat som vi åt i regnet under ein parasoll. Parken vi var i er eit stygge ut frå Quito, og det er vanskeleg å få skyss ned igjen. Ingen tlf funka heller, så det var vanskeleg å ringe etter taxi. Sto våte og kalde under eit tak og venta i spenning på taxi.. etter ei stund dukka det opp ein taxi og alle sprang bort. Vi var seks, altså to for mange, og før eg fekk snudd meg sto eg og Allan igjen åleine i regnet. Prøvde å rope etter folket og spørre om jakke osv, men dei vinka hadet og ropte see you later! Blaut tvers igjennom sto dei to med minst klede igjen under taket på utedoen og banna på spansk, engelsk og norsk. Tilslutt måtte vi berre springe nedover i regnet, og her regner det ikkje LITT når det først regner. Ingen taxi før vi kom ned til hovudvegen, og det er den beste taxituren eg har hatt. Møtte dei andre heime hos Kjersti og Irlin, fekk skifta og gjekk ut for å drikke kaffe. Det hjalp.

Trøytt som berre rakkern og klar for senga tidlig, men måtte plutseleg ta inn ei stakkars jente frå Virginia som egentleg skulle bu hos naboen, men etter mykje styr endte opp i nabosenga på rommet mitt. Lang historie. Fekk plassert ho hjå ein annan familie i dag, og var svært glad for det.

Min første dag i barnehagen i dag, og det gjekk fint. Følte verkeleg dei trengte hjelp der, då det er mange ungar og få vaksne. Det er viktig at det er ein slik plass i den delen av byen. Foreldra får solgt varer på gata medan ungane er i barnehage og skule. Det er sjølvsagt svært annleis enn i Noreg. Det går stort sett i mat( kvar time!) og ungane ser ikkje ut etterpå. Dei et nemlig alle sjølv( eg hadde 1 til 2 åringane) og dei drakk seriøst suppe perfekt av koppen sin. Imponert.  Alle ungane skal ete opp uansett enten dei vil eller ikkje, og metodane for å få til det er ganske så forskjellig i frå det eg er vant til, men sånn er det. Det viktigaste er faktisk at dei får i seg mat, og med så få vaksne må det berre skje fort og gæli. Siste middagen sovna alle så og seie oppi maten og vi bar dei til sengs for siesta i 2 timer.  Nydelige og skitne skifta vi kledene medan dei sov. Då var dagen min over, og eg skulle ta bussen tilbake. Tok sjølvsagt feil buss og fekk ein times sigthseiing i Quito før eg hoppa av og utruleg nok klarte å finne rette bussen. Heim til middag og ein liten trimtur.

Phuuu.. om dykk ikkje har sovna medan dykk las alt dette, ynskjer eg alle ein gooood natt!

1 kommentar:

  1. Går ikkje an å sovne slik som du skriv! Alt høyrest så spennande ut! Du skriv perfekt, og eg kjenner når eg les at livet ditt går i alt frå 0 til 100 om dagen :)

    SvarSlett