mandag 14. februar 2011

Eli, la guia

Hola chicos!

På torsdag venta eg i spenning på Plaza Foch om Marte og AJ faktisk dukka opp den tida vi hadde bestemt. Ingen mobil, så det var eit sjangsespel. Presis kl 3 møttes vi, svært så overraska alle. Kjempe kjekt å sjå dei, og også litt rart, i Quito liksom, der møtes vi i februar.

Etter ladies night var eg ein smule trøytt, så vi tok ein tekopp før eg gjekk heim til middag. På fredag besøkte dei meg i barnehagen, og ungane elska det. Etterpå dro vi til gamlebyen og var skikkelig turistar. Såg masse fine bygningar, som kunne kryssast av i lonely planet boka. På kvelden fekk eg samla ein gjeng til å møte oss for middag og canelaso etterpå. Havna på ein bar der vi spelte biljard og fotballspel.

Marcel ville også bli turist, og laurdag vart han med oss opp til "teleferikoen" som er ein slags kabelheis opp på 4100 med utsikt over heile byen. Nydelig utsikt og fint ver. På vegen tilbake stakk vi innom eit rusten tivoli for å ta berg og dalbane, noko eg hater. Alle var usikre på om sikringa faktisk var fast, og Marcel var tydligvis for lang for vogna vi satt i og fekk vondt både i rygg og kne. Rosa og grønn popcorn etterpå og ned til byen for å spise lunsj. Plassen hadde ikkje servering den dagen pga ein "event". Fekk smake roseblad dyppa i sjokolade. Guttane syns ikkje det var nok og gjekk for å ete burger. Jentene ville ha sandwich og tusla ein annan plass. På kvelden åt vi på ein dårleg vietnamesisk restaurant som var anbefalt i den fantastiske lonly planet boka. Stakk fort derifrå, og tok ein bar til bar runde istaden, før vi havne på den kjente og kjære Huaina baren. Kosa oss stort med salsadansing og dårlig 80 talls musikk.

På søndag var vi igjen turistar, då gjengen dro på tur til Mitad Del Mundo. Eg har vore der før, men dette var tydligvis ein annan Mitad Del Mundo. Marcel fekk gjort narr av meg til den store gullmedalje, og påsto at eg hadde drøymt alt og aldri hadde vore der før. Etter ein times tid fekk eg bevist at eg hadde rett heile tida, og at den ekte ekvator var litt lenger bort. Testa krefter og balanserte egg på museet, og fekk stempel i passet om at vi hadde vore der. På kvelden var eg femte hjulet på vogna og vart med Marte og AJ på ein pizzaplass, og den var faktisk god. Tidlig kveld då eg kjente tendensar til forkjølelse, vakna opp i dag og fann fort ut av eg måtte bli heime. Mista stemma og forkjøla..

I dag er det Valentine, reknar med at rosene vil strømme på. Her feirer dei nemlig Valentine skikkeleg. Min einaste "date" blir med Allan salsalærar og kanskje Andrea etterpå. Happy happy V mis amigos:)

1 kommentar:

  1. Happy Valentine!Du er ven, vakker, vis og varm,a victory girl from Valdres!

    SvarSlett