mandag 21. februar 2011

La Playa!

Fredag var eg heldigvis mykje betre, og klar for jobb igjen. Torsdag måtte eg overbevise skulen( som ringte heim til verstmamma) om at eg ikkje trengte sjukehus. Ein influensa treng fort tre dagar prøvde eg å forklare, men takka for omsorgen. Pamela fekk for seg at eg var redd for doktorar, og at dette kunne bli farlege greier. " I know my body" gjekk igjen eit par gonger i telefonsamtalen.

Fredag kl 22 var 20 studenter klare for nattbuss til kysten. Turen gjekk overraskande fort, læraren helte zucha( eller noko i den duren) i munnen på samtlege og festen var i gong.. halvsov heile turen. Var framme i Canoa rundt 7. Veit ikkje kva vi hadde forventa oss, men dette var verkeleg ein spøkelsesby! Alle bygningane såg ut som dei kom  til å dette ned når som helst. Ni jenter på eit rom, og heldige meg fekk plassen inn mot gutterommet med verdens største sprekk i veggen som gav panoramautsikt begge veger. Dusj og do var felles for gutter og jenter. Enkelt og greit. Tusla ned på stranda rundt åtte. Sola kom og gradestokken viste rundt 35 grader i lufta og 27 i vatnet. Øl før frokost, og midt på dagen var det surfing for dei som ville. Litt tørrtrening før vi vart delt opp i grupper. Eg og 5 andre chicos ned på stranda med to instruktørar. Dei tok oss med ut i bølgene,og til tross for nesten drukning eit par gonger med min instruktør klarte han å hjelpe meg opp på eit par bølger der eg klarte å stå lenge. Svært fornøgd! Tilbake på det herlige hostellet vårt bada vi i badebassenget. Plutseleg dukka Halvard, Hanne  og Kjersti og Irlin opp! For ei overrasking! Heilt tilfeldig..vi nordmenn bestemte oss for å ete på ein pizzarestaurant på kvelden og feire Halvard sin bursdag. Solbrent og i lette klede då det var like varmt om kvelden, spiste vi deilig mat, drakk pina colada og dansa på stranda til langt på natt med surfelærarane og dei andre studentene. Etterpartyet vart poolparty og vin med is. Sovna i hengekøye og fekk rota meg til sengs tilslutt.

Dagen etter skulle vi egentleg besøke ei øy, men bussen streika så det vart surfing, bading og soling istaden. Denne gongen smurte vi oss med 50.. likevel varm i ansiktet i bussen på veg heim. Åt deilig sjømat og frukt og vi var klare for 8 timar buss tilbake. Bussjåføren kjørte altfor fort, døra oppe og alle vindauge oppe gjorde turen svært så luftig. Forbikjøyringar går fint i svingar, berre hugs å tut først. Sovna som ein stein og sto opp til regn i dag. Jobb og joggings. Savner stranda allereie!

Har tydeligvis fått litt farge i helga, då eg vart stoppa av ein brasilianer tidligare i kveld som spurte på spansk kvar det var mogleg å kjøpe klede då han fraus sånn. Eg svarte på spansk så godt eg kunne, og etter ei lita stund såg han rart på meg og sa " are you not from here?" ."Im so sorry, I was sure you were ecuadorian!".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar