onsdag 16. februar 2011

Kjeder liiivet av meg

Jepp, rosene strøymde på Valentines day. Nei, eg berre tullar. Det einaste eg "fekk" var ein salsacd av Allan, noko som eg set stor pris på. Då kan eg danse til den heime i Norge, jippi. Timen gjekk bra, og no byrjer det verkeleg å bli artig. Midt i timen kom plutseleg heile familien ned og skulle sjå på, mi madre jubla og ropte " bien Eliii, biiien!" Kjente eg vart litt varm i toppen og kunne gjerne vore forutan publikum, men måtte berre danse det eg var god for. Etter timen tok eg ein kaffe med Quiniese( chica de Virginia), og Andrea før ho tok bussen til Cuenca. Kjente formen var verre når eg kom heim og skulle legge meg. Vakna opp dagen etter ti hakk verre.. feber og skikkelig forkjøla. Ingen jobb den dagen, og heller ikkje i dag. Føler meg betre i dag etter å ha vore i senga 2 dagar, noko som er forferdeleg kjedeleg. Heldigvis fekk eg låne ein amerikansk film av mi madre, og slo i hjel litt tid med den. Var faktisk "the black swan" som går på kino her no, veldig lovleg dvd kan eg tenkje meg.

I går var det bursdagen til Jose, sønnen i huset som eg aldri har prata med. Tradisjon er at alle i familien går ut og et på restaurant, og eg vart også med. Vi var åtte som åt biff. på ein grei plass ved Carolina parken. Eg hadde feber og tett som berre fy, men klarte å halde ut eit par timar, før rett heim til senga.

I dag føler eg meg som sagt litt betre, og håper eg er frisk nok til jobb i morgon. I ettermiddag trengte eg ein liten gåtur, så takka ja når Marcel spurte om vi skulle ta ein tur til den berømte "golden curch" i gamlebyen. Den var verkeleg fantastisk. Dei brukte 160 år på å bygge den, og alt inni er gullbellagt. Fekk ikkje lov til å ta bilete der, men skal legge ut link til bilete på nettet. Etterpå spaserte vi til La Ronda, ei kjent gate i gamlebyen og tok ein canelaso før vi dro til Plaza F og åt. Heim til senga igjen og skal slappe av og sove. Krysser fingrane for endå betre form i morgon.

Buenos noches!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar