onsdag 16. mars 2011

Fantastiske Cotopaxi

FANTASTISK! Jammen kom Eli seg på toppen av verdas høgaste aktive vulkan, "have to be there", men skal prøve å beskrive turen så godt eg kan.

Fredag tidleg tok eg og Allan bussen til PapaGaya. Der venta vi..ecuadoriansk tid slår aldri feil. Låg ute i sola i eit par timar, før to lokale helter med dreads og tatoveringar kom spaserande og spurte om vi ville på Cotopaxi. Ein mann frå Italia( klarte aldri å huske navnet, så han kalte vi berre "the italian guy"), Allan og eg delte på to guider. Fredy var i hovudsak for meg og Allan. Utstyr frå forrige århundre vart delt ut og vi satte oss i bilen og satte kurs mot Cotopaxi nasjonalpark. Stoppa oppi fjellet og åt verdas beste fiskemiddag. Fersk fisk, fiska rett ved restauranten. Bilen kom opp til 4600 moh, og då var det på med sekken og ein times vandring opp til refugeen der vi skulle kvile fram til midnatt. Droppa den obligatoriske øvinga med stegjern, redning osv og spilte heller kort. Fredy vant alle rundene med sine eigne reglar og eg og "the italian guy" skylte til slutt titals coctailer. Åt deilig pasta med tunfisk til kvelds før vi la oss oppe på loftet. Fordøyelsen funker dårleg i høgda, fekk difor beskjed om å ete lite og lett. Sjølv om vi gjorde det måtte mine kjære turkamerater spy om natta. Av 60 ledige senger skulle vi tydeligvis sove oppå kvarandre. Med guiden på eine sida og Allan på andre følte eg meg trygg. Borris lå på gulvet, då han ikkje likar å ligge i seng, verken heime eller der. Sov eit par timar før guiden vekte meg og sa det var på tide å stå opp. Dei andre hadde naturleg nok ikkje matlyst, eg derimot åt meir enn alle, som vanleg. Kl 1 var det på med stegjern, hjelm og klatresele og vi tusla ut i mørket. Vi gjekk på rekke saaaakte oppover, steg for steg. Første stopp var oppe ved "glacier", då måtte vi på med tau. Allan følte seg litt shabby og guidene bestemte difor at eg og "the italian guy" skulle gå med Fredy fremst, og Allan og Borris bak. Etter ein times tid såg vi ikkje meir til Allan og Borris, men trudde likevel dei ikkje var altfor langt bak. På 5500 var det stopp for min italienske kompis, han klarte ikkje å fordøye noko mat og hadde vondt i magen i tillegg til svimmel. Etter ein rask diskusjon, bestemte vi at han og Fredy skulle gå i møte med Allan og Borris og evt bli med dei ned igjen. Eg skulle stå igjen( ikkje røre meg av flekken, då det var sprekker rundt meg overalt) medan Fredy fulgte han ned. Åleine sto eg i mørket( hodelykta slokna etter to minutt) på 5500 m og håpa inderleg at Fredy ville dukke opp igjen. Stjernehimmel, rundt 12 minusgrader og vindstille, og heeeilt stille gjorde det ganske spesielt og stå der nettopp åleine.Etter 45 kalde minutt såg eg ei hodelykt komme raskt oppover, jada, gutten sprang opp. No har han tilfeldigvis rekorden på raskast opp Cotopaxi, så det overraska meg ikkje. Men var likevel sliten og andpusten når han kom opp til meg. Litt småbekymra og beklaga fælt at det hadde tatt så lang tid. Allan og Borris hadde snudd, og han måtte derfor følge italieneren heilt ned igjen. På med klatretauet igjen, og vi fortsatte turen. Det lysna ganske fort, og etter nokre tunge timar var vi på toppen!! Einaste eg kjente frå høgda var dei siste 100 metrane, var relativt svimmel og sløv, og sjangla så og seie opp til slutt. Toppen var berre heilt nydeleg..og veret kunne ikkje vore betre. No hadde Fredy bedt om fint ver då, han kan nemlig prate med naturen serru. Oppvokst i jungelen og ein farfar som var medisinmann. Han er i sitt tredje eller fjerde liv og tenker på ein litt anna måte enn dei fleste eg kjenner. Fasinert. Lun humor og bittelitt vanskeleg å få kontakt med først, men etter ein tur til Cotopaxi med "prate høl i hue Eli" løsna det litt.

Brukte omkring 7 timar frå refugeen opp, og to timar ned. Vel nede venta mine kjære turkameratar, sjølvsagt skuffa, men ved godt mot. Eg åt som eg aldri har gjort før når eg kom ned igjen til Quito,og bestemte med Fredy at vi skulle møtes ute på byen på kvelden, skyldte han nemlig eit par øl etter kortspelet i refugeen. Kvelden vart knallbra og eg hadde bodyguard( som medstudentene mine kalte Fredy) heile kvelden. Følte meg trygg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar