onsdag 20. juli 2011

Bocas del Toro

Etter to dagar i Panama City, der mykje av tida gjekk med til shopping, var vi gira på laidback tilværelse på øya Bocas del Toro.
Det var naudsynt å ta fly, og vi vart godt kjent med piloten. Han var det berre å ringe om vi lurte på noko. Flyplassen på øya var
under ombygging, og var stort sett eit murbygg utan dører og glas. Vart møtt av ein lokal helt som lurte på om vi trengte skyss.
Vi takka ja, og han tok oss med til eit hostell i "sentrum". Vi havna plutseleg på ein bar, fortsatte på ein ny bar( Iguana bar)
og etter båttur med fleire lokale heltar på ein siste bar. Minnerikt og gøy både for oss og resten av folket på øya.
Dagen etter møtte vi fleire som takka for i går, ikkje alle var like kjent for oss, men ein kjem langt med nikk og smil. Vår lokale
helt frå flyplassen kom innom på morgonen, slengte seg ned på senga og ville ha oss med på båttur. Sjølvsagt skal vi på båttur,
berre ikkje i dag.. litt slitne og trøytte. Manjana manjana. Etter frokost tok vi bussen til stranda. Bussen var stappa full, og 13 km tok 1 time
då skuleelevar gjekk på og av, sjåføren handla div matvarer og prata med familie og vener langs vegen. Regnet kom, og vi dro heim igjen. Men fin strand og god
pinja colada! Skulle egentlig på eit berømt Full Moon party på ei anna øy, men det får bli ein anna gong. Tidlig i seng og utan AC blir detta ei heit natt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar