lørdag 30. juli 2011

Tilbake.. !

Tysdag!

Kom til Quito rundt kl 13, og tok ein taxi til Plaza Foch. Kjente lukta av Quito med ein gong eg kom ut av flyplassen. Veldig rart for meg å vera i Quito igjen, men den samme gode følelsen kom fort. Føler meg heime her. Signe fekk også ein god følelse, så det lover godt! Kom oss inn på eit hostell som eg visste om frå sist gong eg var her, og tok ein dubb. Høgda merkast ganske kjapt, vi er supertrøytte og slitne. Låg i senga og titta ut glaset, då eg jammen ser at Inty( guiden min på Cotopaxi i februar) komme svingande inn med bilen utafor hostellet. Hoppa ut av rommet då han kom opp trappa, og sjølv om vi hadde avtalt å møtast seinare på kvelden ein annan plass vart han ganske så overraska. Han vart romkameraten til meg og Signe, og to rare russarar. Det er tre rom her, med seks senger på kvart rom. Hostellet er reint og fint, med felles utearel med hengekøyer( når ikkje teltet er oppe). Teltet er tydelegvis bebudd av nokre som jobbar her, og det luktar søtt konstant og siv ut røyk. Merkeleg. Den eine av teltbuarane er konstant høg. Men dette tåler valdresjentene. Det er også eit kjøkken vi kan bruke, noko som gjer at vi sparer litt penger. På kvelden var vi med på Uruguaysk aften. Langbord med forskjellige rettar. Ris og bønner, fisk, kjøtt, yuka, friterte bananar og søte arme riddarar til dessert. Delte ei flaske vin med Inty og tidlig i seng. Onsdag!

Inty skulle opp i fjellet for å guide ei gruppe, så tok eit farvel med han og avtalte å møte han i Otavalo i helga. Eg og Signe tok ein bytur og vart igjen slitne berre av ein gåtur. Håper aklimatiseringa får fart på seg snart. Var ein tur innom den gamle skula mi, og fekk helst på fleire der og meldt oss på ein skuletur til gamlebyen i morgon. Sidan det er Ladies Night i kveld avtalte vi møte med Alan( min gamle salsalærar) seinare på kvelden. Åt på Mexicansk plass og tok eit par glass av ein spesialitet i Quito, nemlig Canelazo. Gjekk på den lokale salsabaren der vi møtte Alan. Både eg og Signe fekk svinga oss til heite salsarytmer og tusla heim etter litt nattmat.

Torsdag!
Vakna opp åleine på dormen vår, dei to andre på rommet reiste tydeligvis midt på natta. Gjekk ein tur i byen og på marknaden, der eg måtte kjøpe meg ein ny genser, då nokon tok min på salsabaren. Høgda har verkeleg innverknad på formen, og vi måtte jammen ta ein strekk på 2 timar midt på dagen. Tusla ein tur i Mariscal før vi var klare for sigtseeing i gamlebyen med skula. Fin kveldstur til "Virgin Maria" som ser utover heile byen, den spanske gata " La ronda" der vi drakk Canelazo, Presidentpalasset og diverse kulturinnslag her og der. Fått ny romkompis, ein homofil New Yorker som han sjølv så og seie presenterte seg som.

Fredag!

Kom oss til Otavalo med taxi( rundt 40 NOK pr person for 2 timers taxitur) i dag tidlig. Delte rom med vår kjære Inty, som kom frå ein topptur på rundt 5000 m.o.h, der han hadde guida nokre amerikanarar. Deilig middag på kvelden med vin. La oss tidlig og sto opp til marknadsdag! Laurdagane er den store dagen for å handle i Otavalo, og vi fekk med oss mykje artig stæsj. Pruta og sto i. Svært så fornøgde .Skulle eigentleg sitje på med Inty til Cotopaxi og etterpå Quito, men han måtte ta med utstyr osv for nokon andre, så vi vart satt av på rutebilstasjonen i Otavalo. Bussturen var varm, klam og lang nok, men med litt musikkinnslag undervegs tar vi det som ei oppleving i seg sjølv. Stakk rett på den mexicanske sjappa ved Plaza Foch, då vi var ganske så svoltne. Har avtalt ein kveld på Gaybar med vår kjære nye venn frå New York, så vi får sjå kva kvelden bringer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar