onsdag 27. juli 2011

Bocas i våre hjarter!

Onsdag!

Etter ei merkeleg og artig bursdagfeiring av kjære Siv, var dette dagen for å "slappe" av. Endeleg, vi har jo verkeleg hatt eit stramt program dei siste dagane. Det vart ein spadag, og på ettermiddagen kom Andris med båten sin, og vi vart med for å sjå på at han og "Emil" surfa. Stakk også innom Bastimento og nabolaget til Andres, der var det mange søte ungar og mindre søte hundar. Fekk leika litt med alle, og satte kursen mot Bocas igjen. Kunne ikkje ta kvelden utan å stikke innom vår kjære Iguana bar. Bartenderne har byrja å gje oss litt ekstra for pengane og vi dansa til natta kom.
Torsdag!

Eit av mange mål i Bocas var å komme seg på Yoga, noko vi endeleg klarte. Eg og Signe ihvertfall, Siv venta heller utanfor og vart kasta bort av Yogalæraren då ho gjekk rett på ei potte utpå verandaen som tydeligvis bråka. Ho tok også mobilen til Signe, då det vi ikkje skulle bli forstyrra av noko frå the "outside" world. Fin time med mange artige øvelsar. Feira med mexicansk mat på "The gringo". Etterpå klipte vi oss hos Lil, ei amerikansk dame som hadde fått smaken på det gode liv i Boca. Salongen var under palmene i hagen hennar, og vasking av hår måtte vi gjere sjølv i kaldt vatn. Er no måte på kor mykje ein skal få for pengane. MIddag med ein sveitser som heiter Christian på Bamboo og rolig kveld med vin. Eller nokon måtte jo prøve litt meir sacco, ihvertfall når ein får det gratis.. Mondu Taitu først sjølvsagt, viktig å ta "runda". Møtte Olsen brothers og Emil i Lønneberget. Nokre lokale heltar. No skal det nevnast at alle barturene våre ikkje innebær total rotbløyte, men er ein naturleg arena for sosial omgang.
Fredag!

Vi vakna opp til ei forferdeleg nyheit på CNN. Oslo og Utøya drapene. Dette går sjølvsagt inn på oss, men det er samtidig vanskeleg å forestille seg korleis det er for dei heime. Noreg er i sorg, og vi følger med på nyheitene. Dette er samtaleemnet her i Panama også. Vi blir nok litt isolerte frå heile greia, og kanskje det er godt. Vi veit ikkje.
Vi kan å ta vare på oss sjølve, og i dag tok Signe og Siv massasje. Eg sto over, og gjekk 10 runder i byen saman med Andres for å sjå etter hans ven Alonso, og min ven Marcel. Marcel var ein sveitser eg gjekk på spanskskule med i Quito som har reist sidan. Vi har holdt litt kontakt på facebook, og jammen kom han ikkje hit samtidig som eg er her. Dumpa tilslutt borti han på eit hostel. Han var trøytt og vi var trøytte, så vi sov. Lenge. Hadde god samvet etter ein liten sykkeltur ute på øya til nokre strender. Når vi vakna frå dvalen igjen sto Andris, Alonso og ein ny lokal helt utafor døra og var klare for bursdagfeiring av Alonso! Vi song norsk bursdagsong utpå kvelden og hadde det toppers!
Laurdag!

Fekk gjort litt forefallende arbeid, som vasking av klede og rydding av rom. Marcel var med på litt vandring i byen( det er stort sett det folk gjer her). Går litt, prater litt, set seg ned på fortauet, går vidare. Det er så varmt heile tida, så noko høgt tempo klarar vi ikkje. Åt på "Rip Tide" denne ettermiddagen, ein restaurant og bar som er på ein båt ved land. God sjømat. Andris henta oss med båt på kvelden og tok oss med på restaurant på Bastimento. Og der.. åt vi verdas beste fiskemiddag. Lagd på caribisk vis. Gjett tre gonger kvar vi tok ein øl før Iguana. Siste stopp var Aqua lounge, som er to minutt med båt frå Bocas og tydelegvis plassen å vera på ein laurdag. Barco heeeilt til slutt og nattmat på Golden Grill.
Søndag!

Avreisedag.. trist med sant. Siv skal til Oslo, eg og Signe byrjar på eit nytt eventyr. Ecuador! Det beste hadde vore å hatt med Siv, men neste gong, DÅ blir ho med. Vi kjem til å sakne vår tredje reisekamerat. Tok ein del bilete, møtte tilfeldigvis på Andres, og han fiksa båt som gjekk dit vi ville. Vart ei brygge i nærheita, der vi sleika litt sol før vi tok siste måltid på Rip Tide saman med han og Uri., Gutta fulgte oss til flyplassen som var 5 min å gå. Pnama City var pltuteleg veldig bråkete og nesten litt utriveleg når vi kom fram om kvelden. Vi har nok vorte litt for glad i den stille og rolege caribiske livsstilen i Bocas.
Måndag!

ACen på rommet dura verre enn noko anna, så optimal søvn vart det ikkje. Dagen gjekk med til litt gamleby, der vi møtte to gutar frå USA som vi hadde prata såvdit med i Bocas. Hyggeleg cafetur. Tok turen innom eit kjøpesenter på veg tilbake, og hadde eit maraton med Greys Anatomy på hotellrommet etter deilig middag. Blir stadig påminna på det som skjer i Noreg, og det føles utverkeleg.
Tirsdag!

Trist farvel med Siv på flyplassen i Panama. Frå no av er det berre to jenter på tur, men vi gler oss til Quito og Ecuador!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar