mandag 11. juli 2011

Tilbake til salsarytmene!

På ein av dei berømte jentemiddagene i mai ein gong vart det prat om Sør- Amerika, sumarferien som var rett rundt hjørnet og Eli sitt savn etter salsarytmene. Ja, vi dreg! Dessverre var ikkje det mogleg for alle, men Signe og Eli hadde etter nokre veker plutseleg bestilt flybillett. Signe hadde hørt at Panama var eit kult land, og dessutan var det jo dit Bjørnen og Tigern skulle etter å ha lukta på ei banankasse. Så kvifor ikkje, vi reiser dit! Også tar vi med Ecuador på slutten, sidan Eli er kjent der. Siv Anita lurte ei stund på kva ho egentleg skulle finne på i sin 2 vekers ferie, og vips, så hadde ho også bestilt tur, til Panama. Ho måtte velgje mellom Sør eller Mellom Amerika, og valget falt på strandliv( det vi ikkje sa til ho var at det var regntid og vinter der, men pyttsann).

Vaksiner, apotekbesøk og det meste av pakking er unnagjort, og i morgon set vi oss på flyet til Panama! Siv Anita syns det er så kjekt å prøve nye ting, og dreg difor med eit fly åleine, og møter oss i Panama 4 timer etter oss. Eg og Signe skal innom Amsterdam, Siv Anita får testa transferkontrollen i USA.

Fortsettelse følger... ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar