onsdag 20. juli 2011

Helt om natta, helt om dagen..

Det blir vanskeleg å beskrive dei siste dagane her i Boca. Minner for livet kan vi vel alle vere einige om.. noko er gløymt også, og det er greit. What happens in Boca,stays in Boca. Sorry lesere, sånn er det bare.

MEN noko av det som er verdt å nevne er at vi har vært på fantastiske strender, blitt kjent med lokalbefolkningen. Blant anna Andres( vi kaller han Andris) fra øya Bastimento, Uri som vi møtte på flyplassen( guide), og en del backpackere frå heile verda. Mange av bekjentskapene stifta vi på fest, som det er nok av her. Kvar kveld er det fest på ulike plassar, og vi får beskjed om kvar det skjer kvar dag når vi går oppover den eine hovudgata i byen. Som Signe samanlikna med Aurdal sentrum i storleik. Og stilen til lokalbefolkningen kan minne om ekte Etnedølinga, men som vi no har oppgradert til hedølinga. Glitrande t skjorter og belter og capsen bak fram. Ellers er det både hippiar, surferar og andre artige folk her. Kjempe god fersk sjømat og frokostar på The Pirate gjer dagen endå betre.


Laurdagen var vi på båttur som Uri er med å arrangerer. Då fekk vi sjå delfinar og snorkla. Var også innom Red Frog Beach som er i eit slags naturreservat. På kvelden var det fest på vår kjære Iguana bar, med dansing og reaggie aften. Gratis drinkar er alltid ein suksess.. fekk ein tur ut på Bastimento også, for å møte urbefolkningen. Båt tilbake, og soloppgang ved kaja. " We can sleep when we die" som Andres seier. Uansett vart det nokre timar på auge før vi sto opp til nydeleg ver. Uri tok oss med ut til ei lita strand med båt, der vi kosa oss heile dagen. Et nydeligs sjømat på kvelden.

Måndag inviterte Andres oss med på tur med båten hans. Dagen vart strandliv på ei svært så aude strand med plukking av kokosnøttar og ein liten tur i jungelen for å sjå etter dovendyr. Signe tok det med ro i Boca og gjekk på bokhandelen. På kvelden vart det jammen feiring av bursdagbarnet Siv, noko som tok av. Igjen Iguana baren med DJ Faen som spelte Casiokids.

Tysdag var det framleis bursdagen til Siv, og det skulle vi feire.. så vi fortsatte feiringa frå kvelden før. Pina coladas, lokal rom og rom abuelo med dei lokale gutta. Båten var litt for liten til alle, noko vi fekk bekrefta i det vi svingte inn mot kaja. Den sank. Fekk redda det meste, men noko gjekk tapt. Uansett vart vi lagt merke til av alle som åt på restauranten ved kaja. Var slitne etter ei hard bursdagfeiring, så vart tidleg kveld.

I dag har vi rusla, ete, rusla litt meir, vore på spa, bestilt frisørtime i morgon. I kveld tenkjer vi mexicansk mat på "The gringo".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar