onsdag 13. juli 2011

Reisa til Panama starta tidleg tirsdag morgon, med eit svært forsinka fly frå Gardermoen, som førte til litt stress og springing i Amsterdam for Signe og Eli. Men det takla globetrottarane bra, og jammen kom vi oss inn på flyet til Panama, og var klare for 11 timar i eit flysete. Landa i Panama, der den fuktige og varme lufta slo i mot oss. Medan vi venta på Siv sitt fly, kom det ein meget fortvila Canadier bort, som kunne fortelje at han hadde mista pengebok med stort sett det meste i. Signe syns så synd på han, så han fekk penger til buss og hotdog.

Siv kom seg trygt frå USA og hit, og vi tok taxi til hotellet. Stupte i seng, og sovna kjapt. Siv syns dette med tidsforskjell var svært så forvirrande og unødvendig, noko ho informerte om ca kl 4 i natt. Var også oppe og tusla i rommet. Eg tok meg ein tur litt seinare på natta, og vakna opp ved vindauget ved senga til Signe, som søv godt og ikkje ante kva som foregjekk rundt ho denne natta.

Etter frokost fekk vi pruta litt på taxi, og tok ein tur til den berømte Panama kanalen. Det var eit ganske imponerande opplegg. Ellers besto dagen av shopping, soling og bading på toppen av hotellet. Skyskraparar og sjø+jungel gjer Panama City til ein flott, men spesiell by. Åt middag i gamlebyen, og litt jetlag gjer at det blir tidleg seng idag. I morgon er planen fly til Bocas del Tora. ¨

Buenos noches!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar